Glyn Johns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Glyn Johns
Verkeleg namn Glyn Thomas Johns
Opphav Epsom i Surrey i England
Fødd 15. februar 1942 (75 år)
Epsom
Sjanger Rock
Yrke Produsent, lydteknikar, musikar
Tilknytte artistar The Rolling Stones, The Who, The Small Faces, Led Zeppelin, The Beatles, Eric Clapton, The Clash

Glyn Thomas Johns (fødd 15. februar 1942)[1][2] er ein engelsk musikar, lydteknikar og plateprodusent.[3]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Johns vart fødd i Epsom i Surrey. Han er far til Ethan Johns, og den eldre broren til Andy Johns, og onkel til Will Johns. Ethan har arbeidd med Ryan Adams, Paul McCartney, Laura Marling, Ray LaMontagne og Kings of Leon, medan Andy har arbeidd med The Rolling Stones, Led Zeppelin og Jimi Hendrix, ofte saman med Eddie Kramer.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Johns har arbeidd med artistar som mellom andre Led Zeppelin, The Rolling Stones, The Who, Eagles, Bob Dylan, Linda Ronstadt, The Band, Eric Clapton, The Clash, The Beatles («Get Back»-innspelinga), Ryan Adams, The Steve Miller Band, Small Faces, Spooky Tooth, The Easybeats, The Ozark Mountain Daredevils, Blue Öyster Cult, Emmylou Harris, Midnight Oil, New Model Army, Belly, Joe Satriani, Ronnie Lane, Rod Stewart med Faces, Joan Armatrading, Buckacre, Gallagher and Lyle, Georgie Fame, Family, Helen Watson, Fairport Convention, Humble Pie.[4]

I 1960-åra, medan han var ilknytt det britiske rockebandet The Presidents byrja Johns å arbeide som lydteknikar i IBC Studios i Portland Place i London og fekk bandet sitt inn i helgene, der han kunne teste ut studioteknikkar med dei. The Presidents var det første albumet han produserte i 1969, og etter dette vart Johns henta inn for å redde den problematiske Get Back-innspelinga for The Beatles.[5] Johns sette saman fleire versjonar av albumet, som alle vart avviste av bandet, før prosjektet etter kvart vart gjeve til produsenten Phil Spector. Spector sin versjon vart det endelege albumet, kalla Let It Be, som Glyn på si side kalla «ein søppelhaug».

I 1971 spelte han inn og miksa The Who sitt Who's Next. Han prodouserte The Faces-albumet A Nod Is as Good as a Wink... to a Blind Horse i 1972, og fekk følgjande melding i plateomslaget: 'Thank you Glyn, you made all the difference'. Johns arbeidde så på dei tre første albuma til Eagles og var viktig i å definere den musikalske stilen til bandet. Johns tok det rolegare frå midten av 80-åra og utover, men har arbeidd med Midnight Oil, Nanci Griffith og Belly.[6]

I 2011, etter å ha halde seg borte frå produksjonsarbeid i lang tid, arbeidde Johns med Ryan Adams på albumet Ashes & Fire.[7] I februar 2012 byrja Johns å arbeide med Band of Horses på albumet Mirage Rock.[8]

Den 14. april 2012 vart Johns innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[9]

Produserte album[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Search general register office (GRO)birth records 1761–2006 | Fully indexed birth records. Findmypast.co.uk. Henta on 17. august 2015.
  2. Glyn Thomas Johns – free company director check. Director id 900932745 – Companies House Information. Company-director-check.co.uk (18 May 1991). Henta on 17. august 2015.
  3. Ankeny, Jason. «Biography: Glyn Johns». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/p80452/biography. Henta 23 July 2010. 
  4. Ankeny, Jason (15 February 1942). «Glyn Johns – Music Biography, Credits and Diskografi». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/glyn-johns-p80452/biography. Henta 17. august 2015. 
  5. «THE SOURCE – «Get Back» – The Glyn John's Samlealbum». Beatlesource.com. http://www.beatlesource.com/bs/mains/audio/GetBack/gb2intro.html. Henta 17. august 2015. 
  6. Ankeny, Jason (15 February 1942). «Glyn Johns – Music Biography, Credits and Diskografi». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/glyn-johns-mn0000950233. Henta 17. august 2015. 
  7. «Ryan Adams working on new album with Glyn Johns | News». Nme.Com. 16 March 2011. http://www.nme.com/news/ryan-adams/55500. Henta 17. august 2015. 
  8. «Preview Band of Horses' «Dumpster World»». Stereogum. 22 June 2012. http://stereogum.com/1073442/preview-band-of-horses-dumpster-world/mp3s. Henta 17. august 2015. 
  9. Guns N' Roses inducted into Rock and Roll Hall of Fame, 7 December 2011, http://www.bbc.co.uk/news/entertainment-arts-16067120