Glyndebourne Festival Opera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Glyndebourne Festival)
Hopp til navigering Hopp til søk
Glyndebourne operahus.

Glyndebourne Festival Opera eller berre Glyndebourne er ein britisk operafestival som finn stad ved Glyndebourne, eit gods utanfor Lewes i East Sussex i England.

Sidan selskapet blei skipa har Glyndebourne særleg blitt kjend for produksjonar av Mozart sine operaer.[1] Fleire opptak av historiske oppføringar av Mozart ved Glyndebourne er blitt gjevne ut.[2] Andre kjende produksjons er Porgy and Bess, av George Gershwin på 1980-talet, regissert av Trevor Nunn og sidan teke ut frå Glyndebourne og filma for fjernsyn i 1993. I tillegg til verk av Mozart har repertoaret ved selskapet oppføt operaer av Janáček[3][4] og Händel.[5]

Publikum ved festivalen i 2006.

Festivalen blei skipa av familien Christie, som har stått for arrangementet kvart år sidan 1934, bortsett frå krigsåra 1941–45 og i 1993, då konserthuset blei ombygd. Gus Christie, son av sir George Christie og soneson av festivalgrunnleggjaren John Christie, blei formann for festivalen i 2000.[6] I januar 2014 blei Robin Ticciati den sjuande musikalske leiaren for verksemda.[7][8]

Hovudorkesteret for Glyndebourne-festivalen er London Philharmonic Orchestra, som har hatt stillinga sidan 1964. Festivalen er også knytt til Orchestra of the Age of Enlightenment.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McN., W. (juli 1935). «The Mozart Festival at Glyndebourne». The Musical Times 76 (1109): 646. JSTOR 920186. 
  2. Tim Ashley (13 June 2008). «Mozart: Le Nozze di Figaro, Gencer/ Freni/ Bacquier/ Blankenburg/ RPO/ Varviso». The Guardian. Henta 1. januar 2010. 
  3. Tim Ashley (4. juni 2002). «Katya Kabanova». The Guardian. Henta 1. januar 2010. 
  4. Andrew Clements (31 October 2003). «The Makropulos Case: London Philharmonic/Davis». The Guardian. Henta 1. januar 2010. 
  5. Martin Kettle (24. mai 2009). «Giulio Cesare». The Guardian. Henta 1. januar 2010. 
  6. Rupert Christiansen (1. mai 2001). «Dad assures me we're in the best condition ever». Telegraph. Henta 25. mars 2007. 
  7. «Robin Ticciati will be Festival Music Director from January 2014» (Press release). Glyndebourne Festival Opera. 1. juli 2011. Arkivert frå originalen den 2. juli 2011. https://web.archive.org/web/20110702052021/http://glyndebourne.com/news-article/robin-ticciati-will-be-festival-music-director-january-2014. Henta 2011-07-02. 
  8. Maeve Kennedy (1 July 2011). «Glyndebourne baton handed to Robin Ticciati». The Guardian. Henta 1. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]