Gnaeus Julius Agricola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gnaeus Julius Agricola

Statsborgarskap Romarriket
Fødd 13. juli 40
Forum Iulii
Død

23. august 93
Roma

Yrke politikar, militær
Språk latin
Verv Romersk guvernør i Britannia
Periode 78-84
Føregangar Sextus Julius Frontinus
Etterfylgjar truleg Sallustius Lucullus
Far Lucius Julius Graecinus
Mor Julia Procilla
Ektefelle Domitia Decidiana
Gnaeus Julius Agricola på Commons

Gnaeus Julius Agricola (13. juli 4023. august 93) var ein romersk embetsmann.

Agricola blei kvestor i Vesleasia i 64, og pretor og folketribun i Roma i 68. Under keisar Vespasian kjempa han i Britannia og forvalta frå 73 til 76 Aquitania. i 76 blei han konsul, og i 77 blei han send til Britannia, der han utvida dei romerske besittelsane nord til elva Tay. Keisar Domitian kalte han heim i 84. Deretter levde Agricola eit tilbaketrekt liv.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gnaeus Julius Agricola var fødd i Gallia Narbonensis, den sørlege delen av dagens Frankrike. Foreldra hans var Julius Graecinus og Procilla. Han gifta seg med Domitia Decidiana, og dei fekk ei dotter saman, som truleg heitte Julia Agricola. Ho blei gift med historikaren Tacitus. Denne svigersonen skreiv om felttoget til Agricola, og var ein av dei fremste støttespelarane hans.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Karrieren han starta med ein periode som militærtribun i Britannia frå 58 til 62, i staben til Gaius Suetonius Paulinus. Etter å ha vendt tilbake til Roma blei han folketribun i 66 og kvestor i 68. I 71 blei han legat til guvernøren i Britannia, Quintus Petillius Cerialis, og kommandant for legionen XX Valeria Victrix. Då Cerialis forlét Britannia blei Agricola guvernør i Gallia Aquitania. Dette førte til at standen hans blei endra frå plebeiar til patrisiar. Åra i Gallia var fredelege.

I 77 blei han utnemnd til konsul, og året etter til guvernør i Britannia. Han lykkast i å overvinna keltarane i det som no er Wales og det nordlege England. Deretter invaderte han dagens Skottland og overvann caledonarane i slaget ved Mons Graupius. Det var i Agricola si tid som guvernør at den romerske flåten for første gang segla rundt Dei britiske øyane.

I 84 blei han kalla tilbake til Roma, truleg fordi felttoget hans var blitt for kostbar, men det er sannsynleg at den eigentlege grunnen var at keisar Domitian uroa seg over framgangane hans. Han blei innvilga eit triumftog, men fall i unåde hos keisaren.

I 93 døydde han utanfor Roma, i realiteten i eksil etter å ha nekta å ta imot embetet som guvernør i provinsen Africa. Etterpå verserte rykte om at han var blitt forgifta, men det verker som om Tacitus, som er den som skreiv biografien til Agricola, ikkje sjølv festar nokon lit til dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ronald Syme: Tacitus. Bd. 1 (av 2). Oxford 1958, S. 19ff; 121ff.
  • Malcolm Todd: Julius Agricola, Gnaeus. I: Oxford Dictionary of National Biography (ODNB). Bd. 30 (2004), S. 822ff.