Gneisregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gneisregionen, det nordvestre gneisområdet eller den vestre gneisregionen er eit geologisk område på Vestlandet i Noreg.

Berggrunnen frå Nordhordland til Nord-Trøndelag ligg i vestranden av det baltiske skjoldet. Under den kaledonske fjellkjedefoldinga for omkring 400 millionar år sidan kolliderte Baltikum med ei vestleg jordplate. Berggrunnen vart stuva ned på stort djup og omdanna under høgt trykk og temperatur. I dag finst førekomstar av eklogitt og granatperidotitt. Dessutan finst gneis, marmor, olivinstein og gabbro. Førekomstar av magnetitt og ilmenitt er utnytta i bergindustrien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]