Gneisteteljar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gnistteljar)

Ein gneisteteljar er ein teljar som vert nytta til å registrere ioniserande stråling. Han består av to elektrodar skilt med luft eller ein annan gass og påtrykt ei spenning like under han som vil skape eit gneisteoverslag. Passerer ein ioniserande partikkel i feltet mellom elektrodane, vil iona gjere at det likevel oppstår ein gneiste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første forma for gneisteteljar, spissteljaren, vart oppfunnen av Hans Geiger i 1913. I denne var den positive elektroden ein spiss, og berre nær spissen var feltet sterkt nok til å skape ein gneiste. Geiger–Müller-teljaren, som er ei vidareutvikling av spissteljaren, er i røyndomen òg ein gneisteteljar, men her blir ikkje gneisten registrert direkte, men straumen han fører med seg. Den eigenlege gneisteteljaren med to parallelle plater som elektrodar vart freista utvikla i 1940- og 1950-åra. Forsøka førte til konstruksjon av gneistekammeret, som kan seiast å vere ei rekkje gneisteteljarar stilt saman. Som enkel teljar har gneisteteljaren ikkje vist seg så praktisk som scintillasjonsteljaren og halvleiarteljaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]