Go Your Own Way

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Go Your Own Way
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Rumours
B-side «Silver Springs»
Utgjeve Januar 1977
Innspelt 1976
Sjanger Hardrock
Lengd 3:36
Selskap Warner Bros.
Låtskrivar(ar) Lindsey Buckingham
Produsent Fleetwood Mac, Richard Dashut, Ken Caillat
Fleetwood Mac-kronologi
«Say You Love Me»
(1976)
Go Your Own Way «Don't Stop»
(1977 UK)

«Dreams»
(1977 USA)


«Go Your Own Way» er ein song av det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac, gjeven ut som singel i januar 1977 og på albumet Rumours.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven av Lindsey Buckingham og var den første singelen frå albumet. Buckingham hadde høyrt på «Street Fighting Man» av the Rolling Stones og tenkt at den måten å spele trommer på ville passe bra. Ken Caillat, som var produsent på innspelinga, hugsar at Mick Fleetwood i starten hadde store vanskar med trommene. «Eg hugsar eg såg han medan han prøvde å forklare Mick kva han ønskte - han var særs livleg, som ein liten gut, medan han spelte lufttrommer og krøllane hans spratt i alle retningar. Mick var ikkje sikker på at han kunne spele det Lindsey ønskte, men han gjorde ein flott jobb, og songen tok av.»[1]

Då songen først vart spelt av B. Mitchell Reed, ein populær radioprogramleiar i Los Angeles, var han ikkje imponert. «Eg er ikkje sikker på den der» sa han til millionar av lyttarar. Buckingham kontakta Reed og kravde å få vite kva problemet var og fekk som svar «Eg finn ikkje rytmen». Både Fleetwood og Buckingham tok skulda for dette.

«Rytmen på 'Go Your Own Way' var ein tom-tom-struktur som Lindsey hadde spelt inn med å slå på nokre boksar eller noko slikt... Eg fekk aldri taket på kva det var han ønskte, så sluttresultatet vart mi muterte tolking. Det vart ein stor del av songen. Eg skammar meg av å seie at det var ein heilt bak-fram måte å gjere det på, å legge vekt på mi eiga udugelegheit».[2]

Buckingham meiner problemet var den akustiske gitaren han la på i siste minutt.

Så snart eg kom på den akustiske delen, kom heile songen til live for meg, fordi han fungerte som ein folie for vokale og eit rytmisk kontrapunkt…så når han kjem inn, får du ikkje eit referansepunkt for kvar første slaget er eller kvar rytmen er i det heile tatt. Det er først når det første refrenget kjem inn at du skjønar kvar rytmen er - og det er dette programleiaren vart forvirra av.»[2]

Likevel klatra songen til ein 10. plass på Billboard Hot 100, og vart den første hitten deira i USA på topp 10.[3]I Storbritannia nådde singelen berre 38. plassen. Han vart likevel populær i Storbritannia over tid og mykje spelt på radio. Singelen gjekk då inn på lista att ved fleire høve. Songen nådde òg toppen av lista i Nederland. Songen er rangert på 120. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene[4] og er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.[5]

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Songen handlar om det kompliserte forholdet som Buckingham og Fleetwood Mac-medlem Stevie Nicks hadde.[6] B-sida til singelen, Silver Springs, var skriven av Nicks. Den handlar om det same temaet og vert ofte rekna som eit svar til A-sida.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Alle utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Go Your Own Way» er blitt spelt av NOFX,[7] The Lumineers,[8] Vomit Launch,[9] Seaweed,[10] The Cranberries,[11] Jellyfish, [12] Jennifer Brown,[13]Wilson Phillips,[14] Biffy Clyro, Carrie Underwood, Boy George, Kate Ceberano, Silverstein, Gloriana, Keane, Jets to Zurich, Lea Michele, Lissie, The Head and the Heart,[15] Colbie Caillat, Kingswood og Art of Dying.

Sampling[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bosso, Joe. «Fleetwood Mac's classic album Rumours spor-by-spor». Henta 17. mars 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  2. 2,0 2,1 Robbins, Patrick. «Five Good Covers: Go Your Own Way (Fleetwood Mac)». Cover Me. Henta 18. april 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  3. Go Your Own WayAllmusic
  4. «Fleetwood Mac, 'Go Your Own Way' - 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Henta 17. april 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  5. «500 Songs That Shaped Rock». Pearson Education, Inc. Henta 17. april 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  6. CNN: Mac's Buckingham, Nicks still have tension, love Henta 2013-07-17
  7. «NOFX cover of Fleetwood Mac's Go Your Own Way». Henta 21. mars 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  8. Filbin, Patrick. «The Lumineers Cover Fleetwood Mac's «Go Your Own Way'». Paste Media Group. Henta 19. mars 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  9. «Vomit Launch - Go Your Own Way Live». Henta 19. mars 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  10. «Go Your Own Way By Seaweed on Sub Pop Records». Sub Pop Records. Henta 16. april 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  11. «The Cranberries - Go Your Own Way». CBS Interactive. Henta 15. april 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  12. «Video Jellyfish - Go Your Own Way - Live in Frankfurt, Germany». 2K14. Henta 16. april 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  13. «Jennifer Brown «Go Your Own Way» Lyrics». LyricsBox. Henta 16. april 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  14. Gabel, Sue. «Wilson Phillips performing for one night only at the Snoqualmie Casino Ballroom». Henta 19. mars 2015.  Den ukjende parameteren |nettstad= vart ignorert (hjelp)
  15. «The Head & The Heart cover Fleetwood Mac». Henta 27. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]