Goats Head Soup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Goats Head Soup
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 31. august 1973
Innspelt 25. november – 21. desember 1972 og 23. mai – 20. juni 1973 i Dynamic Sound Studio, Kingston, Jamaica, utanom «Hide Your Love» som var spelt inn i De Doelen i Rotterdam i Nederland, sommare 1973
Sjanger Bluesrock
Lengd 46:56
Selskap Rolling Stones
Produsent Jimmy Miller
The Rolling Stones-kronologi
Exile on Main St.
(1972)
Goats Head Soup It's Only Rock 'n Roll
(1974)
Singlar frå Goats Head Soup
  1. «Angie»
    Utgjeve: 20. august 1973
  2. «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)»
    Utgjeve: Desember 1973
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauB[2]
The Great Rock Discography6/10[3]
MusicHound2/5[4]
NME6/10[5]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]
Styluspositiv[7]
Virgin Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Goats Head Soup er eit album av The Rolling Stones frå 1973. Det vart spelt inn som ein oppfølgjar til det kritikarroste Exile on Main St. Goats Head Soup hadde ein meir polert produksjon enn det rå og skranglete Exile. Musikken inneheldt den særeigne rockestilen til the Stones, men no òg med element av soul-pop og funk. Den kanskje mest kjende songen på albumet er «Angie», som vart ein stort hit verda over.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av albumet starta så tidleg som 1970. To songar, «Silver Train» og «Hide Your Love», kom frå desse tidlege innspelingane og dukka opp att i november 1972 då bandet flytta til KingstonJamaica og Dynamic Sound Studios. Gitarist Keith Richards sa i 2002, «Jamaica var eit av få land der alle fekk kome inn! På denne tida var Sveits det einaste landet eg kunne opphalde meg i, og det var ein kjedeleg stad for eg likte ikkje å stå på ski. Det var ni land eg ikkje fekk kome inn i.»[8]

Den første songen som vart spelt inn i Dynamic var «Winter», som sologitarist Mick Taylor har sagt starta med berre Mick Jagger på gitar i studio og at resten kom inn etter kvart.[9]

Første singelen frå albumet, «Angie», var eit upopulært val som første singel hos Atlantic Records som ønskte ein ny «Brown Sugar» og ikkje ein ballade.[8] I motsetnad til kva mange trur, så handla ikkje songen om den første kona til David Bowie, Angela, men dotter til Richards, Dandelion Angela som var nyfødd då.[10]

Trass i den tilbakelente stilen har mange av songane på Goats Head Soup ei mørk kjensle ved seg, som opningssongen «Dancing With Mr. D» (D som i death eller død) og singelen «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)», som kritiserer New York-politiet for å ha skote ein ti år gammal person ved eit uhell.

Dette var det siste Rolling Stones-album produsert av Jimmy Miller, som hadde arbeidd med bandet sidan Beggars Banquet i 1968. Miller utvikla eit narkotikamisbruk i løpet av åra han var med bandet.

I tillegg til dei offisielle bandmedlemmane spelte mellom andre Billy Preston, Nicky Hopkins og Ian Stewart på albumet.

Innspelinga vart gjort ferdig i januar 1973 i Los Angeles og mai 1973 i Olympic Sound Studios i London.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Singelen «Angie» kom ut før albumet og gjekk til topps verda over. Goats Head Soup kom ut seint i august 1973 og vart òg ein bestseljar som gjekk til førsteplass i mange land. The Rolling Stones la ut på turne i 1973 i Europa.

Albumet fekk variabel mottaking av musikkpressa. I dag vert Goats Head Soup generelt rekna som albumet som markerte slutten på «gullalderen» til the Stones. Jagger starta for fullt eit jetsett liv som rockestjerne, medan Richards vart meir og meir påverka av narkotikaproblema sine.[11] Albumet vert ofte rekna for å mangle energien og gnisten i dei tidlegare albuma, men vart ein bestseljar som mellom anna selde til trippel platina i USA.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Dancing with Mr. D»   4:53
2. «100 Years Ago»   3:59
3. «Coming Down Again»   5:54
4. «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)»   3:27
5. «Angie»   4:33
Side to
# Tittel Lengd
6. «Silver Train»   4:27
7. «Hide Your Love»   4:12
8. «Winter»   5:31
9. «Can You Hear the Music?»   5:31
10. «Star Star»   4:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

Andre medverkande

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973–74) Plassering
Australske Kent Music Report[12] 1
Den austerrikske albumlista[13] 5
Kanadiske RPM-lista[14] 1
Den nederlandske albumlista[15] 1
Den franske SNEP-lista[16] 1
Den italienske albumlista[17] 8
Den japanske Oricon-lista[18] 7
Noreg - VG-lista[19] 1
Den spanske albumlista[20] 1
Den svenske albumlista[21] 2
UK Albums Chart[22] 1
US Billboard 200[23] 1
Den vesttyske Media Control-lista[24] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Den australske albumlista[12] 17
Den nederlandske albumlista[25] 12
Den franske albumlista[26] 13
Den italienske albumlista[17] 19
Liste (1974) Plassering
Den australske albumlista[12] 17
US Billboard 200 [27] 84

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[28] Gull 320,700[29]
Storbritannia (BPI)[30] Gull 100 000^
USA (RIAA)[31] 3× Platina 3 000 000^

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. lenkje
  2. «Robert Christgau: CG: rolling stone». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=rolling+stone. 
  3. 3,0 3,1 «The Rolling Stones Goats Head Soup». Acclaimed Music. http://www.acclaimedmusic.net/Current/A1388.htm. Henta 28. mars 2018. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 952. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. 5,0 5,1 «The Rolling Stones – Goats Head Soup CD». CD Universe/Muze. http://www.cduniverse.com/productinfo.asp?pid=7911447&style=music&fulldesc=T. Henta 28. mars 2018. 
  6. «The Rolling Stones: Album Guide». rollingstone.com. Archived version retrieved 28. mars 2018.
  7. «The Rolling Stones - Goats Head Soup - On Second Thought - Stylus Magazine». stylusmagazine.com. http://www.stylusmagazine.com/articles/on_second_thought/the-rolling-stones-goats-head-soup.htm. 
  8. 8,0 8,1 Dora Loewenstein og Philip Dodd (2003). According to the Rolling Stones. San Francisco: Chronicle Books. ISBN 0-8118-4060-3. 
  9. «Goats Head Soup». timeisonourside.com. http://timeisonourside.com/lpGoats.html. Henta 11. mars 2009. 
  10. McPherson, Ian. «Track Talk: Angie». http://www.timeisonourside.com/SOAngie.html. Henta 11. mars 2009. 
  11. Erlewine, Stephen Thomas. «Exile on Main St.». All Music. http://www.allmusic.com/album/goats-head-soup-r16789. Henta 11. mars 2009. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  13. «The Rolling Stones – Goats Head Soup – austriancharts.at» (ASP). http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Goats+Head+Soup&cat=a. Henta 31. januar 2014. 
  14. «Top Albums/CDs - Volume 20, No. 10». RPM. 20. oktober 1973. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.4920&type=1&interval=50&PHPSESSID=c6btf3r8hs459qqt5ln3o3dcv5. Henta 28. mars 2018. 
  15. «dutchcharts.nl The Rolling Stones – Goats Head Soup» (på nederlandsk) (ASP). Hung Medien. MegaCharts. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Goats+Head+Soup&cat=a. Henta 28. mars 2018. 
  16. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen den 26. januar 2016. https://web.archive.org/web/20160126084927/http://infodisc.fr/Album_R.php. Henta 28. mars 2018. Merk: vel 'The Rolling Stones' i vallista.
  17. 17,0 17,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1973» (på Italian). hitparadeitalia.it. http://www.hitparadeitalia.it/hp_yenda/lpe1973.htm. Henta 28. mars 2018. 
  18. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  19. «norwegiancharts.com The Rolling Stones – Goats Head Soup» (ASP). http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Goats+Head+Soup&cat=a. Henta 28. mars 2018. 
  20. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  21. «Swedish Charts 1972–1975 / Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Oktober 1973 > 9 Oktober» (på svensk). hitsallertijden.nl. Arkivert frå originalen den 23. mars 2012. https://web.archive.org/web/20120323012051/http://www.hitsallertijden.nl/charts/swedish%20charts/SwedishCharts%200872-0875.pdf. Henta 3. mai 2012. 
  22. «The Rolling Stones > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. http://www.officialcharts.com/artist/_/Rolling%20Stones. Henta 1. mai 2013. 
  23. «Allmusic: Goats Head Soup : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r16813/charts-awards. Henta 1. mai 2013. 
  24. «Album Search: The Rolling Stones – Goats Head Soup» (på tysk) (ASP). Media Control. http://www.officialcharts.de/album.asp?artist=The+Rolling+Stones&title=Goats+Head+Soup&cat=a&country=de. Henta 1. mai 2013. 
  25. «Dutch charts jaaroverzichten 1973» (på nederlandsk) (ASP). Arkivert frå originalen den 17. april 2014. https://web.archive.org/web/20140417054427/http://dutchcharts.nl/jaaroverzichten.asp?year=1973&cat=a. Henta 2. april 2014. 
  26. «Les Albums (CD) de 1973 par InfoDisc» (på fransk) (PHP). infodisc.fr. Arkivert frå originalen den 27. oktober 2012. https://web.archive.org/web/20121027132903/http://www.infodisc.fr/B-CD_1973.php. Henta 28. mars 2018. 
  27. «Billboard.BIZ Top Pop Albums of 1974». billboard.biz. Arkivert frå originalen den 31. desember 2012. https://archive.is/20121231123035/http://www.billboard.biz/bbbiz/charts/archivesearch/article_display/855864?imw=Y. Henta 29. april 2014. 
  28. «French album salstrofé – The Rolling Stones – Goats Head Soup» (på French). InfoDisc. http://www.infodisc.fr/Certif_Album.php.  Select THE ROLLING STONES and click OK
  29. «Les Albums Or» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen den 29. april 2014. https://web.archive.org/web/20140429183055/http://www.infodisc.fr/CDCertif_O.php?debut=2330. Henta 28. mars 2018. 
  30. «British album salstrofé – The Rolling Stones – Goats Head Soup». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx.  Enter Goats Head Soup in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  31. «American album salstrofé – The Rolling Stones – Head Soup». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Head+Soup%22.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH