Goblin
Utsjånad
Goblin ein type vesen som opptrer i europeisk folketru og i fantasy-sjangeren. Dei kan samanliknast med nissar og vetter.
Goblinar blir ofte skildra som menneskeaktige vesen, ofte på storleik med barn. Dei opptrer ofte i flokkar.
Ofte opptrer dei som vondskapsfulle og mindre smarte, men kan likevel opptre på listig vis.
Ein møter goblinar i mange ulike fantasy-univers, som Dungeons & Dragons-rollespel, Warhammer-universet, Warcraft-universet og i seriar som Harry Potter og Artemis Fowl. I J.R.R. Tolkien si bok Hobbiten opptrer det vonde skapningar som blir kalla goblinar. I Ringdrotten blir dei same vesena hovudsakleg kalla orkar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Goblin» frå Wikipedia på dansk, den 9. desember 2022.