Goblins Comic
Gobliner: Livet igjennom deira auger. | |
---|---|
Forfattar | Tarol Hunt |
Nettstad | goblinscomic.com/ |
Status (2007) | Blir oppdatert 2-4 gonger i månaden |
Lansert | 1. juni 2005 |
Sjanger | eventyr, komedie, drama |
Aldersgrense | Forfattaren tilrår ikkje serien for yngre lesarar.[1] |
Goblins er ein teikneserie som er fritt tilgjengeleg på nettet, skapt og illustrert av Tarol Hunt. Serien er sett i eit stereotypisk rollespelande fantasy-miljø og følgjer eit lag med goblinar (troll). I utgangspunktet var dei tilfeldige monster som eventyrarar kunne drepe. Dette forandra seg då dei erklærte seg sjølve for å vere eventyrarar, noko dei har hatt forholdsvis god suksess med.
I august 2006 gjekk Goblins i samarbeid med Keenspot. Goblins vert finansiert ved ein kombinasjon av reklame, nettbutikk, sal av bokversjonar, paypal-donering og ei uvanleg form for oppfordring for donasjonar. Goblinen med indianarnamnet «Fristar Skjebnen» (Tempts Fate) må igjennom ein ny spissrotgang kvar veke, i ei separat historie. Kjem ikkje nok pengar inn på kontoen til Hunt vil Fristar Skjebnen døy. I oktober 2007 fekk Hunt ei inntekt på 3,858 dollar, berre på dette påhittet.
I september 2006 fekk Hunt Dragon Con sin pris for «Mest framståande nye teikneserieskapar på nettet». 15. november 2007 var serien nummer 3 hos buzzcomix[2] og nummer 5 hos topwebcomics[3].