Hopp til innhald

Godøya i Giske

Godøya
Godøya
Godøya
Geografi
StadSunnmøre
Koordinatar62°28′30″N 05°59′36″E / 62.47500°N 5.99333°E / 62.47500; 5.99333
Areal10,87 km²
Høgaste punktStorhornet (497 moh.)
Administrasjon
LandNoreg
FylkeMøre og Romsdal
Største busetnadLeitebakk (994 innb.)
Demografi
Folketal1223 (2024)
Folketettleik113 /km²

Godøya er den vestlegaste av øyane i Giske kommune. Ho er 10,87 km² stor og har 1223 innbyggjarar (2024). Fiske og fiskeforedling er dei viktigaste næringsvegane, og banklineflåten i Geilevika er av ein dei største i Noreg.

Godøya har vegsamband gjennom tunnel til Giske. Landskapet er berglendt og Storehornet (497 moh.) er det høgaste punktet. I søraust finn ein god dyrkbar mark i kystsona. I fjella finst fiskevatn.

Øya var del av Borgund kommune fram til 1908.

Eilivrøysa i Godøytun sør på Godøya er ein gravhaug frå bronsealderen. I nærleiken ligg òg eit lite museum.

Ytst på Alnes, nordvest på øya, står Alnes fyr som er freda. Også lyngheia rundt er verna.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2024[3]
220 396 1080 1223

Sørsida av Godøya fotografert frå Hurtigruta på veg inn til Ålesund.

Foto: MeRyan