Godfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 68°48′56″N 15°54′43″E

Innløpet til Godfjorden sett frå Raudmoldheia i Kvæfjord
Foto: Asbjørn Håkonseth

Godfjorden er ein fjord som delvis går langs grensa mellom Nordland og Troms og Finnmark. Det meste av fjorden ligg i Sortland kommune i Nordland, men dei ytre delane går langs grensa til Kvæfjord kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 19 km sørover til Buneset i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Klubbeneset i nordvest og Gapøya i søraust. Vest for Gapøya ligg Kvæfjorden. Fjorden går sørover og mellom Røykneset og Myrland går han innover på Hinnøya. Det ligg fleire gardsbruk langs begge sider av fjorden, som Myrland, Lunde og Reinstad på vestsida og Røyknes, Mehus, Gunnesdal og Bjørnerå på austsida.

Fv960 går langs vestsida av fjorden, medan Fv959 går langs austsida.