Godfrey Khotso Mokoena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Godfrey Khotso Mokoena


Statsborgarskap Sør-Afrika
Fødd 6. mars 1985 (39 år)
Heidelberg
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2006, 2018 African Championships in Athletics – men's triple jump, Afrikamesterskapet i friidrett 2016 – tresteg menn

Godfrey Khotso Mokoena (fødd 6. mars 1985) er ein sørafrikansk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i lengdehopp og tresteghopp. Han vann sølvmedaljen i lengde-tevlinga både under Sommar-OL 2008 og i Friidretts-VM 2009.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Åra 2005-15 var Mokoena ein av verdas beste lengdehopparar. Han var på sitt aller sterkaste sesongane 2008 og 09. Våren 2008 vann han øvinga ved innandørs-VM i Valencia med eit hopp på 8,08 meter. Under dei olympisk leikane 2008 i Beijing strekte han seg til 8,24 m, nok til å ta sølvmedaljen. I byrjinga av juli 2009 presterte han 8,50 meter og livsbeste ved eit storstemne i Madrid. Sju veker seinare hoppa han nesten like langt under verdsmeisterskapen i Berlin, med 8,47 m sikra han seg sølvmedaljen med god margin.

Mokoena var elles ein framifrå tresteghoppar som i 2005 sette personleg rekord med eit hopp på 17,35 meter. Sesongen 2014 vann han øvinga både under samveldeleikene i Glasgow og i afrikameisterskapen i Marrakech.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]