Godot Engine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Godot Engine


SkaparJuan Linietsky, Ariel Manzur
UtviklarRémi Verschelde, Juan Linietsky
UtgjevarSteam, itch.io, Flathub
Utgjeve2007
Nyaste versjon3.5.3 (25. september 2023)[1]
PlattformMicrosoft Windows, macOS, Linux
OperativsystemGNU/Linux, macOS, Microsoft Windows, BSD, iOS, Android, Universal Windows Platform, HTML5, WebAssembly, Xbox, Windows Phone
Skrevet iC++, C
Støttar skriptGDScript, C++, C Sharp, Python, Nim, D
Typespillmotor, integrert utviklingsmiljø
LisensMIT-lisensen
Nettstadhttps://godotengine.org/

Godot Engine er ein 2D- og 3D-kryssplattformspelmotor som er gjeven ut som open kjeldekode med MIT-lisensen. Opphavleg blei han utvikla for fleire selskap i Latin-Amerika før han blei gjeven ut offentleg.[2] Utviklingsmiljøet køyrer på Windows, macOS, Linux, BSD og Haiku (både 32- og 64-bit) og kan skape spel for PC, spelkonsoll, mobiltelefon og nettstadar.

Oversikt[endre | endre wikiteksten]

Godot siktar inn på å tilby eit fullstendig integrert spelutviklingsmiljø. Det let utviklarar skape spel frå botnen utan verktøy enn dei ein bruker for å skape innhald (grafikk, musikk osv.). Arkitekturen er bygd rundt konseptet med eit tre med nøsta "scener". Alle spelressursar, frå skript til grafiske element (assets), blir lagra som del av det lokale filsystemet på datamaskina (i staden for ein database). Denne lagringsløysinga er meint for å gjere det lettare for spelutviklingsteam å samarbeide om skriptkode med versjonskontroll.[3]

Spelmotoren støttar utvikling for fleire plattformer, og tillet spesifisering av teksturkomprimering og -oppløysingsinnstillingar for kvar plattform. Akkurat no blir følgjande plattformer støtta: Windows, macOS, Linux, FreeBSD[4] / DragonFly BSD,[5] Android, iOS, BlackBerry 10 og HTML5.[6] Det er arbeid på gong med støtte for Windows Runtime.[7]

Scripting[endre | endre wikiteksten]

Godot-spel blir skapt i enten C#, C++ eller eit eige skriptespråk, GDScript,[8] a høgnivå-, dynamisk typa programmeringsspråk er veldig likt Python. I motsetnad til Python, har GDScript strengt typa variablar og er optimalisert for Godots scene-baserte arkitektur. Godots utviklarar har uttalt at mange tredjeparts programmeringsspråk (Lua, Python og Squirrel) blei testa før dei bestemte seg for eit skreddarsydd språk som tillet overlegen optimalisering og editor-integrering.[9]

Spelmotorens editor inkluderer ein skript-editor med automatisk innrykk, syntaksutheving og kodefullføring. Den har også ein debuggar som kan setje breakpoints og gå stegvis gjennom programmet.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Mange spel frå OKAM Studio har blitt laga med Godot, inkludert Dog Mendonça & Pizza Boy, som bruker Escoria eventyrspelutvidinga.[10] I tillegg har motoren blitt brukt i pensumet til vidaregåande skular (highschools) i Vest-Virginia, fordi det er lett å bruke for ikkje-programmerarar og fordi det skal eksistere mykje læringsmateriale for programvara.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://godotengine.org/article/maintenance-release-godot-3-5-3/.
  2. Linietsky, Juan. «Godot 2.0: Talking with the Creator». 80.lv. Henta 18. juni 2016. 
  3. «File Systems». Godot documentation. Godot. Arkivert frå originalen 6. februar 2016. Henta 29. januar 2016. 
  4. «FreshPorts -- devel/godot». Henta 29 December 2017. 
  5. «DPorts/devel/godot at master · DragonFlyBSD/DPorts · GitHub». Henta 29. desember 2017. 
  6. «Mozilla Awards $385,000 to Open Source Projects as part of MOSS "Mission Partners" Program». The Mozilla Blog. Henta 17. oktober 2016. 
  7. «Compiling for Universal Windows Apps». Godot. Henta 1. februar 2016. [daud lenkje]
  8. GDScript
  9. «GDScript History». Godot documentation. Godot. Arkivert frå originalen 6. februar 2016. Henta 29. januar 2016. 
  10. Suckley, Matt (15. august 2015). «OKAM Studio on empowering designers with Godot Engine's adventure game framework Escoria». PocketGamer.biz. Henta 29. desember 2017. 
  11. Brasseur, Vicky (16. august 2016). «Godot open source game engine helps power the future in West Virginia». Opensource.com. Henta 29. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]