Godsmack

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Godsmack
Godsmack.jpg
Godsmack i 2007. F.v.: Robbie Merrill, Sully Erna, Criss Angel, Shannon Larkin og Tommy Rombola.
Sjanger Nu metal, alternative metal, heavy metal, hard rock, post-grunge
Aktive år 1995 -
Plateselskap Universal/Republic
Nettstad www.godsmack.com
Medlemmer
Sully Erna
Robbie Merrill
Tony Rombola
Shannon Larkin
Tidlegare medlemmer
Lee Richards
Tommy Stewart
Joe D'Arco

Godsmack er ei musikkgruppe som kjem frå byen Salem i staten Massachusetts i USA.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I februar i 1995 ville Sully Erna starte eit nytt band som han skulle leie, etter at han hadde spelt trommer i 23 år. Han danna Godsmack. Fyrste cd-en dei gav ut, heitte All Wound Up, den kom i 1997. Dei som var med da, var Sully Erna, Robbbie Merrill og Tony Rambola.

Dei begynte å spele live og Joe D'Arco var med på trommer. Da fekk dei rykte om at dei var eit bra live band og cd-en begynte å selje. Dei vart nummer 1 på lista til WAAF, ein radiostasjon i Boston. Og då den neste singlen kom ut, gjekk den også til topps.

Albumet All wound up blei spelt inn på nytt, og berre 6 veker etterpå kom dei ut med albumet Godsmack i 1998. Godsmack vart meir og meir populære og dei reiste på turne, og talet på fans og selde cd-ar voks.

I 2000 gav Godsmack ut albumet Awake. Det var utselt på alle konsertar. I 2002 vart Sully Erna spurt om han kunne lage ein song til filmen Skorpionkongen, og takka ja. Songen Godsmack skreiv, heiter «I stand alone», og kom på førsteplassen på singellista til Rock Radio. Han vart den mest spelte songen i 2002 i 14 veker på rad.

Etter å ha vore på turné i fire år bestemte bandet seg for å ta ein pause. I pausen tok Shannon Larkin, ein ven av Sully Erna over som trommis for Tommy Stewart. Godsmack reiste så til Miami, der dei skreiv albumet Faceless, som kom ut i april 2003. Faceless vart det mest selde albumet den veka.

I mars 2004 gav Godsmack ut albumet The Other Side med songar som dei har hatt før, men nå akustiske. I april 2006 gav Godsmack ut albumet IV, det kom i april 2006. I desember året etter kom samlealbumet Good Times, Bad Times... Ten Years of Godsmack. Det foreløpig siste Godsmack-albumet kom ut i 2010 og fekk tittelen The Oracle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]