Godsterminal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kontainerterminal i Lleida i Spania.

Godsterminal er ein omlastingsplass for varer. I dag vert stykkgods ofte transportert i konteinarar, så godsterminalar er ofte kontainerterminalar. Godtterminalar ligg ofte ved hamner, jarnbanestasjonar og store flyplassar.

Kontainerterminal[endre | endre wikiteksten]

Kontainerterminal i Cape Town i Sør-Afrika.

Kontainarterminal er ein godsterminal der kontainarar vert omlasta frå skip til godtstog og lastebil, eller omvendt. På grunn av at det meste av stykkgods som ikkje er for stort i dag vert transportert i kontainarar, har det vokse fram store konteinarterminalar. Slike terminalar spelar difor ein stor rolle både for nasjonal og internasjonal transport av stykkgods. Sjølv om dei største konteinarterminalane ligg ved hamner finst det òg mange kontainarar langs hovudveger og jarnvegar, der konteinarar vert omlasta frå godstog til lastebil, eller omvendt. Alnabruterminalen i Oslo er det viktigaste knutepunktet i Noreg fordi han bind samsn jernbanenettet mellom landsdelane og er hovudterminal for Austlandet og for import og eksport av stykkgods.

Konteinarane vert kasta om ved hjelp av spesialbygde kraner. Desse er ofte av traverstypen. Ofte er kontainerkraner skjenegåande, slik at dei kan køyrast langsetter kaia.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]