Goin' Back

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Goin' Back
Singel av Dusty Springfield
B-side

«I'm Gonna Leave You»

Utgjeve 1. juli 1966
Innspelt 15. juni 1966, Philips Studio, Stanhope Place i London
Sjanger Pop
Selskap Philips
Låtskrivar(ar) Gerry Goffin, Carole King
Produsent Johnny Franz
Dusty Springfield-kronologi 
«You Don't Have to Say You Love Me»
(1966)
Goin' Back «All I See Is You»
(1966)


Goin' Back
Singel av The Byrds
frå albumet The Notorious Byrd Brothers
B-side

«Change Is Now»

Utgjeve 20. oktober 1967
Innspelt 9. til 16. oktober 1967, Columbia Studios, Hollywood i California
Sjanger Rock
Lengd 3:26
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Gerry Goffin, Carole King
Produsent Gary Usher
The Byrds-kronologi 
«Lady Friend»
(1967)
Goin' Back «You Ain't Goin' Nowhere»
(1968)


«Goin' Back» er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King i 1966.[1] Han skildrar tapet av uskulda som kjem når ein vert vaksen, samt eit forsøk på å ta attende uskulda frå ungdomstida.[2][3] Songen er spelt inn av mange forskjellige artistar, som Dusty Springfield, Goldie Zelkowitz, The Byrds, Elkie Brooks, Deacon Blue, Nils Lofgren, Freddie Mercury (som Larry Lurex), The Move, The New Seekers, The Pretenders, Diana Ross, Richard Thompson og Phil Collins, samt av Carole King sjølv.[4]

Dusty Springfield-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Goldie (frå Goldie & The Gingerbreads) var den første artisten som spelte inn songen, vart utgåva hennar trekte attende etter usemje med Goffin og King om songteksten.[5][6] Carole King valde så å spele inn «Goin' Back» sjølv, men gav han til slutt til Dusty Springfield i staden.[5] Dusty fekk ein internasjonal hit med songen og det er hennar versjon som i dag er den mest kjende.[5]

Hennar versjon vart spelt inn 15. juni 1966 i Philips Studios i Stanhope Place i London, akkompagnert av Peter Knight og produsert av Johnny Franz.[7] Han kom ut på singel 1. juli 1966, og nådde 10. plass i Storbritannia. Han vart ikkje gjeven ut som singel i Amerika.[5][8][9]

The Byrds-utgåva[endre | endre wikiteksten]

The Byrds si utgåve av «Goin' Back» vart gjeven ut som singel 20. oktober 1967 og nådde 89. plass i USA. Han kom ikkje inn på lista i Storbritannia.[10][11] Songen kom òg ut på albumet deira The Notorious Byrd Brothers i 1968.[2] Det at bandet valde å spele inn denne songen førte til krangling internt i bandet sidan rytmegitarist David Crosby var lite entusiastisk overfor songen.[12] Crosby rekna «Goin' Back» som ein lett poplåt, som var typisk for Brill Building.[12] Han vart derfor sjokkert då hans eigen song, «Triad», stod i fare for å verte fjerna frå albumet for å få plass til «Goin' Back».[13] Crosby vart til slutt sparka frå bandet og «Goin' Back» hamna på albumet og som første singel.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Carole King Songs». Carole King Official Website. Henta 18. oktober 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Goin' Back by The Byrds review». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  3. «The Notorious Byrd Brothers». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 18. oktober 2010. 
  4. «Goin' Back cover versions». Allmusic. Arkivert frå originalen 7. september 2009. Henta 18. oktober 2010. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Lyn Paul - 1966». The Lyn Paul Website. Henta 18. oktober 2010. 
  6. «Goldie & The Gingerbreads Biography». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  7. «Dusty Springfield: The 1960's Recording Sessions». www.wonderboymi.com. Henta 18. oktober 2010. 
  8. Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 838. ISBN 0-7119-7670-8. 
  9. «Dusty Springfield Discography 1963 - 2005». Dusty Springfield: Woman Of Repute. Arkivert frå originalen 19. juli 2008. Henta 18. oktober 2010. 
  10. Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  11. Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  12. 12,0 12,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 229. ISBN 0-95295-401-X. 
  13. Rogan, Johnny. (1997). The Notorious Byrd Brothers (1997 CD liner notes). 
  14. Menck, Ric. (2007). The Notorious Byrd Brothers (33 1/3 series). Continuum Books. s. 91–92. ISBN 0-8264-1717-5.