Hey-Hey-Hey-Hey!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Going Back To Birmingham)
Hey-Hey-Hey-Hey
Singel av Little Richard
A-side

«Good Golly, Miss Molly»

Språk engelsk
Utgjeve Januar 1958
Innspelt New Orleans, Louisiana, 9. mai 1956
Sjanger R&B, rock and roll
Lengd 2:02
Selskap Specialty (Cat. no. 624)
Komponist Little Richard
Tekstforfattar Little Richard
Låtskrivar(ar) Richard Penniman
Produsent Bumps Blackwell
Little Richard-kronologi 
«Jenny Jenny»/«Miss Ann»
(1957)
Hey-Hey-Hey-Hey «Ooh! My Soul»/«True Fine Mama»
(1958)


«Hey-Hey-Hey-Hey» eller «Hey-Hey-Hey-Hey! (Goin' Back to Birmingham)» er ein song skriven og framført av Little Richard. Songen vart spelt inn 9. mai 1956 i New Orleans i Louisiana, med Bumps Blackwell som produsent.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1955 spelte Little Richard in to forskjellige versjonar av «Kansas City» av Jerry Leiber og Mike Stoller: ein den 13. september (produsert av Bumps Blackwell), og ein av 29. november (med fem vokalist og Art Rupe som produsent).[1] Den første versjonen, som ligg tett opp til originalinnspelinga frå 1952 av Little Willie Littlefield for dei første to versa, vart ikkje gjeven ut før i november 1970, på samlealbumet Well Alright! Den andre versjonen, som var ei kraftig omarbeiding av Little Richard (særleg det nye refrenget som startar med «Hey, hey, hey, hey; Hey baby, hey child, hey now») kom ut i mars 1959 på The Fabulous Little Richard og i april 1959 på singel[2] etter suksessen til Wilbert Harrison-hitten.[3]

«Hey-Hey-Hey-Hey» vart spelt inn seks månader etter den andre versjonen av «Kansas City», og nytta det same refrenget. Men, då «Hey-Hey-Hey-Hey» vart gjeven ut i 1958—berre tilskriven Richard Wayne Penniman (Little Richard) som låtskrivar—oppfatta publikum det som ei tidlegare innspeling enn «Kansas City».

I 1964 gav The Beatles ut albuma Beatles for Sale (i Storbritannia) og Beatles VI (i USA) med ein versjon av «Kansas City» basert på utgåva til Little Richard. Dei hadde spelt songen så tidleg som 5. september 1962 i Cavern Club i Liverpool, og i desember det året på Star-Club i Hamburg.[4]) Advokatar som representerte forlaget til Little Richard, Venice Music, saksøkte og hevda at Beatles-innspelinga òg var basert på «Hey-Hey-Hey-Hey». Derfor vart plateetiketten endra til «Medley: (a) Kansas City (Leiber/Stoller) (P)1964 Macmelodies Ltd./KPM; (b) Hey, Hey, Hey, Hey (Penniman) Venice Mus. Ltd. (P)1964.» Dette kom trass i at då Little Richard spelte inn «Kansas City» i november 1955, så var «Hey-Hey-Hey-Hey» verken skriven eller spelt inn.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Songen kom ut i januar 1958 som B-sida til singelen «Good Golly, Miss Molly» og i juli 1958 på Little Richard.[6]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kansas City/Hey, Hey, Hey, Hey
Song av The Beatles
frå albumet Beatles for Sale
Utgjeve 4. desember 1964
Innspelt 18. oktober 1964
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:33
Selskap Parlophone
Komponist Little Richard
Tekstforfattar Little Richard
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber og Mike Stoller/Richard Penniman
Produsent George Martin

«Hey-Hey-Hey-Hey» vart spelt inn som «Going Back To Birmingham» av Ten Years After i 1974 på albumet Positive Vibrations. Bob Seger spelte inn ein versjon av songen under same innspelinga då han spelte inn Fats Domino sin «Blue Monday» i 1989 for Road House. Seger sitt opptak kom ikkje ut før i 2011, då han kom ut på singel og albumet Ultimate Hits: Rock and Roll Never Forgets.[7][8] Songen vart spelt av The Libertines på radio i september 2003. The Jim Jones Revue spelte songen i 2008 for debutalbumet sitt og framførte han på mange av konsertane sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Little Richard – The Specialty Sessions – 8 Album Set (booklet). London: Ace Records Ltd. 1989. s. 29. ABOXLP 1 (set), ABOXBK1 (booklet). 
  2. White, Charles (1994). The Life and Times of Little Richard: The Quasar of Rock. Da Capo Press. s. 259. ISBN 0-306-80552-9. 
  3. «'Kansas City' Keeps Trade Fever Rising». Billboard: 4. April 6, 1959. Henta 28 November 2015. 
  4. Unterberger, Richie (November 15, 2006). The Unreleased Beatles: Music & Film. Backbeat Books. s. 34, 36–41. ISBN 978-0879308926. Henta 28 November 2015. 
  5. Little Richard – The Specialty Sessions – 8 Album Set (booklet). London: Ace Records Ltd. 1989. s. 29. ABOXLP 1 (set), ABOXBK1 (booklet). 
  6. White, Charles (1994). The Life and Times of Little Richard: The Quasar of Rock. Da Capo Press. s. 259. ISBN 0-306-80552-9. 
  7. «Recorded but Unreleased». The Seger File. Arkivert frå originalen 26. oktober 2012. Henta 16. juli 2017. 
  8. «Ultimate Hits». BobSeger.com. Arkivert frå originalen 17. september 2012. Henta 16. juli 2017.