Going Up the Country
| Going Up the Country Singel av Canned Heat frå albumet Living the Blues | ||
| B-side | ||
|---|---|---|
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 22. november 1968 | |
| Innspelt | 6.-7. august 1968 | |
| Studio | I.D. Sound Recorders i Hollywood i California | |
| Sjanger | Bluesrock | |
| Lengd | 2:50 | |
| Selskap | Liberty | |
| Komponist | Alan Wilson | |
| Tekstforfattar | Alan Wilson | |
| Produsent | Canned Heat, Skip Taylor | |
| Canned Heat-kronologi | ||
| «On the Road Again» (1968) |
Going Up the Country | «Time Was» (1969)
|
«Going Up the Country» er ein song omarbeidd og innspelt av det amerikanske bluesrockbandet Canned Heat. Det er bitt kalla ein «hymne for hippielandsbygda»[1] og var ein av dei største hittane og ein av dei mest kjende songane deira.[2] Som med den førre singelen, «On the Road Again», vart songen omarbeidd frå ein bluessong frå 1920-åra og songen i kontratenor-stil av Alan Wilson.
Bakgrunn og komposisjon
[endre | endre wikiteksten]Canned Heat, som var store fans av tidleg blues, og baserte «Going Up the Country» på «Bull Doze Blues», innspelt i 1928 av Texas-bluesmannen Henry Thomas.[3] Thomas var frå songster-tradisjonen og hadde ein unik stil,[4] og akkompagnerte stundom seg sjølv på quills, eit tidleg afroamerikansk blåseinstrument som minnar om ei panfløyte. Han spelte inn «Bull Doze Blues» i Chicago den 13. juni 1928, for Vocalion Records.[5]
For «Going Up the Country» nytta Wilson i Canned Heat melodien til Thomas på quills og den grunnleggjande rytmen hans, men arrangerte han for rock og skreiv om teksten. I tillegg til bass- og trommeseksjonen, spelte Henry Vestine «lett elektrisk rytmegitar»[3] og multiinstrumentalisten Jim Horn spelte fløyte.[6]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]«Going Up the Country» vart først gjeven ut på det tredje albumet til Canned Heat, Living the Blues, i november 1968.[7] Liberty Records gav ut songen på singel den 22. november 1968,[7] og han nådde 11. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista den 25. januar 1969.[8] Ingen andre singlar av Canned Heat nådde høgare enn dette i USA.[8] 7. januar 1969 klatra songen til 19. plassen på UK Singles Chart.[9] Songen finst på fleire samlealbum av Canned Heat, inkludert Canned Heat Cookbook, Let's Work Together: The Best of Canned Heat (1989) and Uncanned! The Best of Canned Heat (1994).[7]
Framføringar
[endre | endre wikiteksten]Canned Heat framførte «Going Up the Country» på Woodstockfestivalen i august 1969. Songen vart skildra som ein «uoffisiell hymne» for festivalen.[10] I filmen Woodstock vert studioinnspelinga av songen nytta under ein montasje av festivaldeltakarane. På filmmusikkalbumet frå 1970, Woodstock: Music from the Original Soundtrack and More, vert konsertutgåva frå festivalen nytta.
Songen vart nytta i ein episode av The Wonder Years.[11]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Going Up the Country» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2018.
- ↑ Planer, Lindsay. Going Up the Country på Allmusic. Henta 26. august 2018.
- ↑
Pearson, Barry Lee (1996). «Canned Heat». I Erlewine, Michael (red.). All Music Guide to the Blues. San Francisco: Miller Freeman Books. ISBN 0-87930-424-3.
{{cite encyclopedia}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - 1 2 Greenwald, Matthew. Going Up the Country på Allmusic. Henta 26. august 2018.
- ↑
Shadwick, Keith (2007). «Henry «Ragtime» Thomas». The Encyclopedia of Jazz & Blues. London: Quantum Publishing. s. 411. ISBN 978-0-681-08644-9.
{{cite encyclopedia}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - ↑ Vocalion no. 1230
- ↑ Fløyta på albumversjonen og singelversjonen er litt forskjellig. På den eine versjonen vert den tredje noten berre heldt ein augneblink, medan han på den andre vert heldt i to eller tre sekund.
- 1 2 3
Russo, Greg (1994). Uncanned! The Best of Canned Heat (Media notes). Canned Heat. New York City: EMI Records/Liberty Records. s. 23. 7243 8 29165 2 9.
{{cite AV media notes}}:|format=requires|url=(hjelp); Invalid|ref=harv(hjelp) - 1 2
«Canned Heat: Chart History – Hot 100». Billboard.com. Henta 21. mai 2018.
{{cite web}}: Invalid|ref=harv(hjelp) - ↑ «Canned Heat – Singles». Official Charts. Henta 21. mai 2018.
- ↑ Bennington, Vicki (24. april 2008). «Canned Goods». The Telegraph (Alton). Ohio Community Media.
- ↑ «The Wonder Years Episode & Music Guide - Season 6 - Fishing». Arkivert frå originalen 2018-08-06. Henta 5. august 2018.
{{cite web}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)