Gokstadhaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°8′26.732″N 10°15′11.250″E / 59.14075889°N 10.25312500°E / 59.14075889; 10.25312500

Gokstadhaugen.

Gokstadhaugen (òg kjend som «Kongshaugen») er ein stor gravhaug frå tidleg mellomalder som ligg på Gokstad gard i Sandefjord kommune i Vestfold.

Gravfunnet[endre | endre wikiteksten]

Gokstadhaugen var opphavleg 50 meter i diameter og fem meter høg. I grava låg det kjende Gokstadskipet. Skipet er stilt ut på VikingskipshusetBygdøy i Oslo. Grava inneheldt òg knoklar frå ein mann, tre småbåtar, eit teltforma gravkammer, fiskekrokar, seletøybeslag, kjøkkenutstyr, ei seng med utskorne dyrehovud, fem enklare senger, ei slede, eit spelebrett, tolv hestar, fire hundar, to hønsehaukar, to påfuglar, silketøy og restar av 32 gule og 32 svarte skjold.[1]

Årringsdatering viser at skipet vart bygd i tidsrommet 885-892 e.Kr. Tømmer frå gravkammeret er datert til 895-903 e.Kr. Grava vert difor datert til ca. 900 e.Kr.[2] Grava vart gjenopna kort tid etter gravlegginga.

Mannen i grava høyrte til det øvste sosiale sjiktet i vikingtida. Undersøkingar av knoklane viser at han var 181-183 cm høg og vart drepen i kamp då han var rundt 40 år gammal.[3] Det er ikkje kjent kven han var. Myten om at det er småkongen Olav Geirstadalv Gudrødsson er avkrefta av dateringene, som viser at grava er reist for lang tid etter at han døydde.

Gokstadskipet vart oppdaga i 1879. Haugen vart graven ut i perioden april-juni 1880 under leiing av antikvar Nicolay Nicolaysen.[4] 16. juni 1928 vart knoklane på ny gravlagt i haugen. Dei vart festa til ein eikeplanke som vart plassert i ei blykiste. Kista vart lagt i ein syenittsarkofag. Kong Haakon VII var til stades under den offisielle innviinga av den restaurerte gravhaugen 29. juli 1929. I 2007 vart sarkofagen med kista henta ut igjen av haugen.[5] Det var fare for at knoklane kunne øydeleggjast. Knoklane vert no teke vare på ved Universitetet i Oslo.

Gokstad revitalisert[endre | endre wikiteksten]

I 2009 vart prosjektet «Gokstad revitalisert» sett igang ved Universitetet i Oslo. Føremålet med prosjektet er å gjennomføra naturvitskaplege analysar av skjelettet og gravgåvene som vart funne i haugen, og dessutan å undersøkja sjølve haugen med geofysiske metodar, boringar og utgravingar. Vidare skal prosjektet undersøkja landskapet kring haugen ved hjelp av høgteknologiske metodar, og til slutt til skal prosjektet undersøkja vikingtidas gardsbusetnad og kongshallar gjennom arkeologiske utgravningar .[6]

I 2011 vart det ved hjelp av georadar og magnetometer påvist busetjingsspor og fleire mindre gravhaugar ved det såkalla Heimdalsjordet, rundt 500 m sør for Gokstadhaugen .[7] Nokre av desse spora vart delvis undersøkt ved utgravingar i 2012 og 2013, og resultata tyder på at dei stammar frå ein marknadsplass.[8]

Innsøking på UNESCO si verdsarvliste[endre | endre wikiteksten]

Norske styresmakter har søkt å få Gokstadhaugen, Borrehaugane, Oseberghaugen og kvernsteinbrotet i Hyllestad i Sokn inn på UNESCO si verdsarvliste sidan 2011. Eit forarbeid i samarbeid med fleire andre land byrja i 2008, og Noreg sende inn ein søknad i januar 2014. Fagorganet ICOMOS vitja stadene same året, og anbefalte i 2015 bearbeiding av søknaden.[9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gokstadgraven
  2. Gokstadskipet
  3. Skjelettet fra Gokstadskipet – ny vurdering av et gammelt funn
  4. Da Gokstadskipet ble funnet
  5. Utstillingen Levd liv (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 17. november 2015, henta 12. september 2016 
  6. )
  7. Bebyggelse fra vikingtiden oppdaget ved Gokstadhaugen, arkivert frå originalen 23. oktober 2016, henta 12. september 2016 
  8. Heimdalsjordet – en nyoppdaget markeds- og produksjonsplass i Vestfold, NORARK
  9. Vikingtid som verdsarv på nettsidene til Kulturarv i Vestfold fylkeskommune, arkivert frå originalen 20. desember 2013, henta 12. september 2016 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jan Bill og Aoife Daly: The plundering of the ship vert grave from Oseberg and Gokstad: an example of power politics? Antiquity 86, Durham 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]