Gol i Hallingdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gol
tettstad
Hovudgata i Gol i Hallingdal.
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Gol
Areal 3,3 km²
Folketal 3 291  (2023)
Folketettleik 997 / km²
Postnummer 3550 Gol
Innbyggjarnamn goling
Preposisjon Gol
Kart
Gol
60°41′58″N 8°57′00″E / 60.6994°N 8.95°E / 60.6994; 8.95
Wikimedia Commons: Gol (village)

Gol er ein tettstad og administrasjonssenteret i Gol kommune i Buskerud. Han er den største tettstaden i Hallingdal, med 3 291 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Gol ligg der riksveg 52 frå Hemsedal møter riksveg 7, som bind Geilo saman med Vikersund. Bygda er eit viktig handels-, teneste- og kommunikasjonssenter og har ein del turisme, med fleire butikkar og hotell.[1] På Gol er det grunnskule, Gol vidaregåande skule, Hallingdal folkehøgskule og Gol bygdemuseum, ein del av Hallingdal Museum. Gol stasjon er stoppestad for Bergensbanen. Gol kyrkje på Gol er ei langkyrkje i tre frå 1882. Gol stavkyrkje, ei stavkyrkje frå mellomalderen, vart i 1884 flytta til Norsk Folkemuseum i Oslo. Ein kopi av denne kyrkja, Gol nye stavkyrkje, er oppført i familieparken Gordarike på Gol.

Bilete frå Gol[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gol – tettstedet». Store norske leksikon. 26. februar 2017. Henta 15. april 2018.