Golanhøgdene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Golan-høgda)
Drusarlandsbyen Majdal Shams i Golanhøgdene i 1978.
Foto: Leif Knutsen
Kart som viser kvar Golanhøgdene er.

Golanhøgdene er eit landområde i Levanten, mellom Syria, Israel, Jordan og Libanon. Området ligg strategisk til på det nordaustlege platået av Jordandalen og med utsyn over store delar av det nordlege Israel. Landskapet stig frå sør mot nord, der fjella er opptil 2200 moh. Området er spesielt viktig for vasstilførselen til Jordanelva og Gennesaretsjøen. Årsnedbøren lengst mot nord er forholdsvis høg, over 1000 mm i året. Dei viktigaste næringsvegane i området er jordbruk, med hovudvekt på epledyrking og vinproduksjon.

Golanhøgdene høyrte til det franske mandatområdet Syria i perioden etter den første verdenskrigen til 1941, då det vart ein del av det uavhengige Syria. Etter den israelsk-arabiske krigen 1948–49 befesta syrarane Golan og skaut på busetnader i Jordandalen nedanfor. Under seksdagarskrigen i 1967 okkuperte Israel storparten av Golanhøgdene. Etter krigen i 1973 vart det etablert ei buffersone mellom israelske og syriske styrkar under overvaking av dei sameinte nasjonane, gjennom fredsstyrken United Nations Disengagement Observer Force (UNDOF). I tilknyting til den syriske borgarkrigen vart det i november 2012 skote frå begge sidene over Golan.

1176 km2 av Golanhøgdene vart reelt, men ikkje formelt, annektert av Israel i 1981. Det okkuperte territoriet i området kom under israelsk sivil lovgjeving og administrasjon - etter å ha vore militært administrert frå 1967. Israelsk tilbaketrekking frå området har vore ein føresetnad frå Syria for ein framtidig fredsavtale med Israel.

Før den israelske okkupasjonen budde det 147 600 menneske av svært variert etnisk-religiøs bakgrunn i området. Majoriteten var arabiske sunnimuslimar, men befolkninga inkluderte også alawittar, armenarar, sirkassarar, drusarar, kurdarar, turkmenarar i tillegg til omkring 9000 palestinske flyktningar. Storparten av befolkninga flykta etter okkupasjonen. I 2004 budde det vel 20 000 syrarar, dei fleste drusarar i det annekterte området; omkring 14 000 er jødiske settlarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Golanhøgdene