Gold Mohur

Koordinatar: 12°46′18.98″N 44°59′35.02″E / 12.7719389°N 44.9930611°E / 12.7719389; 44.9930611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gold Mohur
busetjing
Land  Jemen
Kart
Gold Mohur
12°46′03″N 44°59′13″E / 12.76741°N 44.98707°E / 12.76741; 44.98707
Elefant-neset i Gold Mohur.

Gold Mohur er eit område i Aden i Jemen som er kjend for badeområde og hotell.

Det er namnet på ein dal omkransa av bratte fjell, med strandområde ut mot havet. Området har namn etter tre og buskar som veks i dalen, som flamboyant eller flammetre (Delonix regia), som også er kjend under hindinamnet gulmohar eller gold mohur.[1] I Gold Mohur finst eit elefantforma nes kjend som Elephant's Back. Her står Aden fyr.[2]

29. desember 1992 blei Gold Mohur Hotel råka av ein bombeeksplosjon som drap ein hotellarbeidar og ein turist. Dette var det første terroriståtaket utført av al-Qaida. Målet var truleg amerikanske soldatar på veg til Somalia.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Julius Barras (1885), The New Shikari at Our Indian Stations 1, s. 143 
  2. Tom Henighan (2004), Coming of Age in Arabia: A Memoir of Aden Before the Terror, Penumbra Press 
  3. «Timeline: Al Qaeda's Global Context: Al Qaeda's First Attack». Frontline: The Man Who Knew. pbs.org. Henta 30. november 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

12°46′18.98″N 44°59′35.02″E / 12.7719389°N 44.9930611°E / 12.7719389; 44.9930611