GoldenEye 007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
GoldenEye 007
Utviklar(ar)Rare
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo
Kreativt ansvarleg(e)Martin Hollis
Produsent(ar)Martin Hollis
ForfattarDavid Doak
Komponist(ar)Graeme Norgate
Robin Beanland
Grant Kirkhope
Basert påGoldenEye
SerieJames Bond
Plattform(er)Nintendo 64
Utgjeving25. august 1997
SjangerSkytespel i førsteperson
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
Del av serien James Bond⠀

GoldenEye 007 er eit skytespel i førsteperson, utvikla av Rare og basert på James Bond-filmen GoldenEye. Det vart utgjeve til Nintendo 64 i august 1997. Spelet har ein einspelarkampanje der spelaren tek rolla som den britiske Secret Intelligence Service-agenten James Bond medan han kjempar for å hindre eit kriminelt syndikat frå å bruke eit satellittvåpen mot London for å skape ein global finanskollaps. Spelet inneheld også ein fleirspelarmodus med delt skjerm, der to, tre eller fire spelarar kan tevle i ulike typar deathmatch-spel.

GoldenEye 007 var utvikla over ein periode på to og eit halvt år av ei uerfaren gruppe leidd av Martin Hollis, som hadde arbeidd tidlegare på arkadeversjonen av Killer Instinct. Det var delvis tenkt som eit skytespel «på skjener», der spelaren følgjer ei fastlåst rute, inspirert av Virtua Cop frå Sega, men vart til slutt designa som eit ope skytespel der spelaren har full kontroll i alle retningar. Utviklarane tok lærdom frå Super Mario 64 når dei designa dei opne nivåa i spelet.[1] Spelet vart hylla av kritikarar og selde over åtte millionar kopiar verda over.[2][3]

I eit historisk attersyn er GoldenEye 007 vørdt som eit viktig spel innan skytespel-sjangeren, mellom anna for å demonstrere at sjangeren kunne fungere godt på spelkonsollar og for å markere ein overgang frå den, på den tida, arkadeliknande Doom-tilnærminga til ein meir realistisk stil.[4] Det introduserte banebrytande element som sniking og konsolltilpassa deathmatch-fleirspelarmodus. Ein spirituell oppfølgjar, Perfect Dark, vart utgjeven i 2000, medan ei nyutvikla utgåve av spelet, også titulert GoldenEye 007, vart utgjeven av Activision i 2010.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]