Golden Globe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå Golden Globe-utdelinga i 2007.
Foto: Peter Dutton

Golden Globe er ein pris som blir delt ut for film og fjernsynsprogram i USA. Utdelinga har funne stad årleg sidan skipinga i 1944, og blir arrangert av Hollywood Foreign Press Association (HFPA). Ho er ein viktig del av «prisutdelingsårstida» i den amerikanske filmindustrien, der høgdepunktet er oscarutdelinga.

Utdelinga av Golden Globe-prisane har sidan 1996 blitt sendt på NBC, og er vanlegvis den tredje mest sette fjernsynssendte prisutdelinga kvart år, etter Oscarprisen og Grammyprisen.

Utvalet for Golden Globe-prisene byrjer 1. oktober. Prisgjevinga finn stad tidleg på året, og er basert på stemmer frå 86 journalistar busett i Hollywood og med tilknytting til media utanfor USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.