Golden Heart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Golden Heart
Studioalbum av Mark Knopfler
Utgjeve 26. mars 1996
Innspelt Emerald Sound Studios, Javelina Recording Studios, AIR Studios, Windmill Lane Studios, 1994–1996
Sjanger Roots rock, folkrock, country
Lengd 70:18
Selskap Vertigo

Warner Bros. (USA)

Produsent Mark Knopfler, Chuck Ainlay
Mark Knopfler-kronologi
Screenplaying
(1993)
Golden Heart Wag the Dog
(1998)


Golden Heart er det første soloalbumet til den britiske songaren og gitarist Mark Knopfler, gjeve ut 26. mars 1996 av Vertigo Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Etter ein suksessrik karriere som leiaren for det britiske bandetDire Straits og ei rekkje kritikarroste filmmusikkalbum, gav Knopfler ut det første soloalbumet sitt, og trekte inn forskjellige stilartar han hadde vore borti sidan gjennombrotet hans i 1978.[1] Albumet nådde topp ti på albumlista i Austerrike, Belgia, Finland, Italia, Nederland, Noreg, Sverige, Sveits og Storbritannia.[2][3] Albumet nådde 105. plass på Billboard 200 i USA.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter utgjevinga av det siste studioalbumet til Dire Straits, On Every Street, og ein utmattande, femten månader lang verdsturne i Europa, Nord-Amerika og Austraia, ein turné sett av 7,1 millionar menneske[4] som enda i oktober 1992, la Knopfler ned det britiske rockebandet, som hadde vorte eit av dei mest populære i verda med over 120 millionar selde plater, i det stille.[5] Han fortalte seinare «Eg la det på hylla fordi eg ønskte å kome attende til ein slags røyndom. Det var for å verne meg sjølv, for å overleve. Den enorme skalaen der var umenneskeleggjerande».[6] Han brukte to år på å kome seg etter opplevinga, som hadde gått ut over både kreativiteten hans og det personlege livet hans.[4] I 1994 byrja arbeidet med det som vart det første soloalbumet hans.

Turné[endre | endre wikiteksten]

Knopfler la ut på ein turné etter Golden Heart, Golden Heart Tour i Europa, som starta 24. april 1996 i Galway i Irland, og som omfatta 84 konsertar i 66 byar, og enda i Antibes i Frankrike 4. august 1996.[7] Med på turneen var Mark Knopfler (gitar, vokal), Guy Fletcher (klaverinstrument), Richard Bennett (gitar), Glenn Worf (bass), Chad Cromwell (trommer) og Jim Cox (klaverinstrument). Denne første turnégruppa vart sidan kalla the 96-ers av Knopfler-fansen.[8] Ein første smakebit med eit større badn vart gjeven 15. april 1996 i BBC Building i London. Dette showet vart innspelt og sidan gjeve ut på video som A Night in London.[8]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

I meldinga si for AllMusic gav William Ruhlmann albumet tre av fem stjerner, og meinte at trass i gjenkjennelege gitaren til Knopfler og dei kvasse tekstane, var det «lite på albumet som var nytt eller slåande, og Knopfler verka å falle tilbake på kjende gitarteknikkar, medan han ofte syng uklåre tekstar.[1] Ruhlmann konkluderte:

« Knopfler hadde ikkje nytta høve med eit soloalbum til å utfordre seg sjølv, og samstundes mista han gruppeidentiteten (som var illusorisk) som Dire Straits-namnet gav. Resultatet vart lyttbart, men annanrangs.[1]  »

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler[1][9]

# Tittel Lengd
1. «Darling Pretty»   4:31
2. «Imelda»   5:26
3. «Golden Heart»   5:01
4. «No Can Do»   4:54
5. «Vic and Ray»   4:36
6. «Don't You Get It»   5:16
7. «A Night in Summer Long Ago»   4:43
8. «Cannibals»   3:41
9. «I'm the Fool»   4:28
10. «Je Suis Désolé»   5:14
11. «Rüdiger»   6:03
12. «Nobody's Got the Gun»   5:25
13. «Done with Bonaparte»   5:06
14. «Are We in Trouble Now»   5:54
70:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar, miksing
  • Brian Masterson – lydteknikar
  • Graham Lewis – assisterande lydteknikar, mikseassistent
  • Denny Purcell – mastering
  • Jonathan Russell – masteringassistent
  • David Scheinmann – fotografi[9]

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (1996) Plassering
Australia[3] 28
Austerrike[2][3] 8
Belgia (Flandern)[3] 10
Belgia (Wallonia)[3] 8
Canada 11
Nederland[3] 3
Finland[3] 7
Frankrike[3] 38
Italia 3
Noreg[2][3] 2
New Zealand[3] 16
Sverige[2][3] 4
Sveits[2][3] 3
UK Album Chart[2] 9
US Billboard 200 105

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Listeplassering
CAN CAN AC CAN Country UK[10]
1996 «Darling Pretty» 12 14 87 33
«Cannibals» 42
«Rüdiger»
«Imelda» 59
«Don't You Get It» 62

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

År Organisasjon Nivå Dato
1996 BPI – UK Sølv 1. april 1996
BPI – UK[2] Gull 1. mai 1996
CRIA – Canada Gull 30. august 1996
IFPI – Sveits[2] Gull 1996

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Darling Pretty[endre | endre wikiteksten]

Darling Pretty
av Mark Knopfler
Utgjeve 26. februar 1996

«Darling Pretty» var den første singelen frå albumet. Han nådde 33. plassen på UK Singles Chart, og vart nytta i filmen Twister i 1996. «Gravy Train», det andre sporet på CD-singelen, vart nytta i filmen America's Sweethearts i 2001.[11]

Innhald

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler. 

# Tittel Lengd
1. «Darling Pretty»   4:27
2. «Gravy Train»   6:19
3. «My Claim to Fame»   4:39
15:25


Cannibals[endre | endre wikiteksten]

Cannibals
av Mark Knopfler
Utgjeve 17. juni 1996

«Cannibals» var den andre singelen frå albumet. Han har ein liknande stil og minner mykje om Dire Straits-singelen «Walk of Life», som òg var skriven av Knopfler. «Cannibals» er henta frå albumet. «Tall Order Baby» og «What Have I Got To Do» vart spelt inn under innspelinga av albumet, men berre gjevne ut på denne singelen. Songen vart nytta som konsertopnar på Kill to Get Crimson-turneen i 2008.[12]

Innhald

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler. 

# Tittel Lengd
1. «Cannibals»   3:38
2. «Tall Order Baby»   2:53
3. «What Have I Got To Do»   5:20
11:51


Rüdiger[endre | endre wikiteksten]

Rüdiger
av Mark Knopfler
Utgjeve 4. november 1996

«Rüdiger» er den tredje og siste singelen for albumet. «Rüdiger» er henta frå albumet, medan «My Claim to Fame», «Tall Order Baby» og «What Have I Got To Do» ikkje fekk på plass på albumet.[13]

Innhald

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler. 

# Tittel Lengd
1. «Rüdiger»   5:59
2. «My Claim to Fame»   4:39
3. «Tall Order Baby»   2:53
4. «What Have I Got to Do»   5:20
18:51

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Ruhlmann, William. «Darling Pretty». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/golden-heart-r233020. Henta 23. november 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 «Mark Knopfler (Chart Entries)». Tsort. http://tsort.info/music/7nyh7m.htm. Henta 7. januar 2015. 
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 «Mark Knopfler: Gullen Heart». Australian Charts. http://australian-charts.com/showitem.asp?interpret=Mark+Knopfler&titel=Golden+Heart&cat=a. Henta 7. januar 2015. 
  4. 4,0 4,1 Shelton, Sonya. «Dire Straits Biography». Musician's Guide. http://www.musicianguide.com/biographies/1608000435/Dire-Straits.html. Henta 7. januar 2015. 
  5. «Dire Straits given plaque honour». BBC News. 4. desember 2009. http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/england/london/8394556.stm. Henta 7. januar 2015. 
  6. McCormick, Neil (5. september 2012). «Mark Knopfler: how did we avoid disaster?». The Telegraph. http://www.telegraph.co.uk/culture/music/rockandpopfeatures/9522983/Mark-Knopfler-how-did-we-avoid-disaster.html. Henta 7. januar 2015. 
  7. «Golden Heart 1996 Tour Dates». Mark Knopfler News. http://www.mark-knopfler-news.co.uk/frameset.php?frame=/GHeart.html. Henta 7. januar 2015. 
  8. 8,0 8,1 «Golden Heart tour 1996». Mark Knopfler. http://www.mark-knopfler.info/tour1996.htm. Henta 7. januar 2015. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Golden Heart (booklet). Mark Knopfler. Burbank, California: Warner Bros. Records. 1996. s. 2–15. 946026-2. 
  10. «Chart Log UK». Zobbel. http://www.zobbel.de/cluk/CLUK_K.HTM. Henta 7. januar 2015. 
  11. «Darling Pretty». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/darling-pretty-mw0001660282. Henta 23. desember 2012. 
  12. «Cannibals». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/cannibals-mw0001663578. Henta 23. desember 2012. 
  13. «Rüdiger». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/r%C3%BCdiger-mw0001216070. Henta 23. desember 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]