Golden Hits of Jerry Lee Lewis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Golden Hits of Jerry Lee Lewis
Studioalbum av Jerry Lee Lewis
Utgjeve 1964
Innspelt 1963
Sjanger Rock and roll, rockabilly
Selskap Smash
Produsent Shelby Singleton
Jerry Lee Lewis-kronologi 
Live at the Star Club, Hamburg
(1964)
The Golden Hits of Jerry Lee Lewis The Greatest Live Show on Earth
(1964)


The Golden Hits of Jerry Lee Lewis er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis, gjeve ut på Smash Records i 1964. Det var det første albumet Lewis gav ut etter å ha forlate Sun Records.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha gifta seg med det då 13 år gamle syskenbarnet Myra i mai 1958, vart Lewis svartelista frå radio i USA og singlane hans slutta å selje. I 1963 fekk han ein liten hit med Ray Charles-songen «What'd I Say», men han var frustrert over at Sam Phillips i Sun Records hadde mista interessa for han, og signerte for Smash i staden. Smash (ei underavdeling av Mercury Records) kom opp med «I'm On Fire», ein song dei meinte ville høve perfekt for Lewis. Mercury meinte dei hadde funne comeback-hitten til Lewis, og det kunne ha skjedd om ikkje The Beatles hadde slått igjennom i Amerika på denne tida og endra spelelistene til radiostasjonane over natta. Mercury visste ikkje kva dei skulle gjere med Lewis etter det, og spelte inn eit album med songar frå Sun-tida. Dette kan ha kome av at ein i Europa framleis synte stor interesse for rock and roll.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om albumet var kompetent, fekk det mykje kritikk sidan det mangla råskapen ein fann i originale. Innspelinga vart gjort med ein mykje reinare lyd som mange meinte ikkje høvde for desse songane, noko Joe Bonomo skriv om i boka Jerry Lee Lewis: Lost and Found.

The Golden Hits of Jerry Lee Lewis kom ut 1. januar 1964 og var ei kort tid inne på salslistene, og klarta til ein 40. plass, før det forsvann.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Whole Lotta Shakin' Going On» (D. Williams/S. David) 
2.«Fools Like Me» (Jack Clement/Murphy Maddox) 
3.«Great Balls of Fire» (O. Blackwell/J. Hammer) 
4.«I'll Make It All Up to You» 
5.«End of the Road» 
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Breathless» (Blackwell) 
7.«Crazy Arms» (Ralph Mooney / Chuck Seals)2:41
8.«You Win Again» (Hank Williams) 
9.«High School Confidential» (Ron Hargrave / Jerry Lee Lewis)2:27
10.«Your Cheatin' Heart» (Williams) 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]