Golo Mann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Golo Mann
Golo-mann-1978-2011-25-05.png
Fødd 27. mars 1909
München
Død

7. april 1994
Leverkusen

Yrke skribent, filosof, moderne historikar, historikar, essayist, universitetslærar
Golo Mann på Commons

Angelus Gottfried Thomas «Golo» Mann (fødd 27. mars 1909 i München, død 7. april 1994 i Leverkusen) var ein tysk-sveitsisk historikar, skribent, kommentator og forfattar.

Golo Mann var son av Katia Pringsmann og den tyske forfattaren og nobelpristakaren Thomas Mann. Golo studerte frå 1927 jus i München, men var umotivert og veksla same året over til historie og filosofi i Berlin. Våren 1929 kom han til universitetet i Heidelberg der universitetslæraren Karl Jaspers råda han til å ta doktorgraden i filosofi samstundes som han studerte historie og latin. Frå hausten 1930 engasjerte Mann seg i den sosialistiske studentgruppa. Han tok doktorgraden i mai 1932 over temaet Zum Begriff des Einzelnen, des Ich und des Individuellen bei Hegel.[1]

Etter maktovertakinga til nasjonalsosialistane emigrerte Golo Mann i 1933 via Frankrike og Sveits til USA, men kom tilbake til Tyskland i midten av 1950-åra og slo seg seinare ned i Sveits. Etter ein periode som professor i statsvitskap i Stuttgart arbeidde han som sjølvstendig skribent og samfunnskommentator, ei verksemd der han fekk stor påverknad. Han arbeidde med politikarar som Konrad Adenauer og Willy Brandt, for sistnemnde var han først rådgjevar og støtta han i austpolitikken. Mann var avvisande til studentrørsla som voks fram på slutten av 1960-talet. I 1980 engasjerte han seg i valkampen til Franz Josef Strauß.

Til Golo Manns mest kjende publikasjonar er Deutsche Geschichte des 19. und 20. Jahrhunderts (1958) som blei eit historisk standardverk. Det kom i millionopplag og blei omsett til ni språk. Eit anna kjent verk er biografien Wallenstein. Sein Leben erzählt von Golo Mann (1971). Golo Mann var ein konservativ historikar som i dei forteljande formulerte verka sine plasserte menneska i sentrum, og fekk derfor mykje kritikk av yrkesbrør som la meir vekt på samfunnsmessige teoriar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Golo Mann: Erinnerungen und Gedanken, s.430, 462 ff

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]