Gone from Danger
Gone from Danger Studioalbum av Joan Baez | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. september 1997 | |
Innspelt | Nashville, 1997 | |
Sjanger | Viser | |
Lengd | 48:22 | |
Selskap | Guardian | |
Produsent | Wally Wilson, Kenny Greenberg | |
Joan Baez-kronologi | ||
---|---|---|
Live at Newport (1996) |
Gone from Danger | Dark Chords on a Big Guitar (2003)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | lenkje |
Gone from Danger er eit studioalbum frå 1997 av Joan Baez. I staden for å skrive songar sjølv, valde ho ut songar av yngre vise- og rockeartistar. Ho tok med Dar Williams sin «If I Wrote You», Richard Shindell sin «Reunion Hill» og Betty Elders sin «Crack in the Mirror», i tillegg til to songar av Sinéad Lohan. Då albumet kom ut innrømde Baez at ho ikkje lenger klarte å skrive songar sjølv, og kjende seg meir komfortabel med å gå attende til den opphavlege rolla si, som ein tolkar av andre sine songar. På eit spor er ho likevel omtalt som låtskrivar, «Lily» (om ei barndomsveninne), som var eit dikt skriven av Baez med musikk av Kenny Greenberg og Wally Wilson.
I tillegg til at ho hjelpte dei unge låtskrivarane med å spele inn songane deira, tok Baez med seg to av dei, Shindell og Williams, på turneen etter albumet.
Ei avgrensa utgåve av albumet kom berre ut i Borders-bokhandlarar i USA, og inkluderte ein bonus-CD med to songar: Betty Elders sin «Long Bed from Kenya» og ein duett med Dar Williams på Paul Simon sin «Dangling Conversation», som begge var konsertopptak frå Newport Folk Festival i 1997.
Ei «samlarutgåve» kom ut i 2009 med det originale albumet og ein ekstra CD med 11 konsertopptak frå Mountain Stage i august 1997. Åtte av songane var opphavleg frå Gone From Danger.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «No Mermaid» | Sinéad Lohan | 4:22 |
2. | «Reunion Hill» | Richard Shindell | 4:08 |
3. | «February» | Dar Williams | 5:49 |
4. | «Crack in the Mirror» | Betty Elders | 4:11 |
5. | «If I Wrote You» | Dar Williams | 4:46 |
6. | «Fishing» | Richard Shindell | 3:28 |
7. | «Lily» | Joan Baez, Wally Wilson, Kenny Greenberg | 3:52 |
8. | «Who Do You Think I Am» | Sinéad Lohan] | 4:02 |
9. | «Mercy Bound» | Mark Addison | 4:51 |
10. | «Money for Floods» | Richard Shindell | 3:32 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «If I Wrote You» | Dar Williams | 3:48 |
2. | «No Mermaid» | Sinéad Lohan | 4:33 |
3. | «Reunion Hill» | Richard Shindell | 4:52 |
4. | «Crack in the Mirror» | Betty Elders | 5:41 |
5. | «Long Bed from Kenya» | Betty Elders | 5:21 |
6. | «February» | Dar Williams | 3:58 |
7. | «You're Aging Well» | Dar Williams | 4:15 |
8. | «Fishing» | Richard Shindell | 4:49 |
9. | «Money for Floods» | Richard Shindell | 3:22 |
10. | «Who Do You Think I Am» | Sinéad Lohan | 5:54 |
11. | «To Ramona» | Bob Dylan | 4:19 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Joan Baez - vokal, gitar, perkusjon
- Richard Bennett - bazouki, akustisk gitar, elektrisk gitar
- Dennis Bernside - klaverinstrument
- Jim Collins - korvokal
- Steve Conn - trekkspel
- Chad Cromwell - trommer, perkusjon
- Eric Darken - perkusjon
- Dan Dugmore - resonatorgitar, akustisk gitar, elektrisk gitar, lapsteelgitar, pedalsteelgitar
- Betty Elders - gitar, vokal
- Kenny Greenberg - resonatorgitar, akustisk gitar, elektrisk gitar, perkusjon
- Jim Hoke - saksofon
- Marabeth Jordan - korvokal
- Tim Lauer - harmonium, klaverinstrument
- Allison Moorer - korvokal
- Greg Morrow - trommer, perkusjon
- Steve Nathan - klaverinstrument
- Michael Rhodes - bass
- Sharon Rice - korvokal
- Matt Rollings - klaverinstrument
- Joe Spivey - fele, mandolin
- Willie Weeks - bass
- Dar Williams - gitar, korvokal
- Wally Wilson - piano, perkusjon
- Curtis Young - korvokal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gone from Danger» frå Wikipedia på engelsk, den 2. november 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: