Gonen
Utsjånad
| Gonen | |||
| גּוֹנֵן | |||
| kibbutz | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Distrikt | Nord distrikt | ||
| Kommune | Øvre Galilea | ||
| Koordinatar | 33°7′20.63″N 35°38′47.03″E / 33.1223972°N 35.6463972°E | ||
| Folketal | 329 (2015) | ||
| Grunnlagd | 13. august 1951 | ||
| • Grunnlagd av | Nahal | ||
| Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
![]() Gonen 33°07′21″N 35°38′47″E / 33.122397222222°N 35.646397222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Gonen | |||
Gonen (hebraisk skrift גּוֹנֵן, tyder 'Forsvart') er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg på Galileastripa nær Kiryat Shmona, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 314.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Gonen vart grunnlagd 13. august 1951[1] som ei Nahal-busetjing, og vart sivilisert eit år seinare av ei gruppe hebraiske speidarar.[2] Han var den første Nahal-busetjinga som vart omgjort til ei sivil busetjing.
Namnet kjem frå Kongebøkene og symboliserer den strategiske plasseringa til busetjinga og nærleiken til grensa mellom Israel og Syria frå før seksdagarskrigen. I perioden 1949–1967 var det stadig småtrefningar med syrarane i området kring landsbyen.[2]
I 1994 starta ein prosess med å gjere kibbutzen om til ein fellesbusetnad.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gonen» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Vilnai, Ze'ev (1976). «Kaukab». Ariel Encyclopedia. Volume 2. Tel Aviv, Israel: Am Oved. s. 1268. (he)
- 1 2 3 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 185. ISBN 965-448-413-7.


