Gongong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Gong» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Gong (fleirtyding).
Gongong i Don An-tempelet i Si Phan Don i Laos.

Gong, gongong eller tam-tam er eit slaginstrument av asiatisk opphav. Det er laga av ei rund metallplate med oppbøgd kant som er hengd opp i eit stativ. Denne blir slått i sentrum med ei lêr- eller gummikledd klubbe. Gongongar kan ha mange ulike storleikar og former.[1]

Gongong frå javanesisk-balinesisk gamelantradison.

I asiatisk tradisjon har ein brukt gongong som musikkinstrument, ved kulthandlingar, som signalinstrument og anna. I India, Kina og Indonesia kan ein bruka fleire nøyaktig avstemde gongongar saman til gongspel. Dette er til dømes del av indonesisk gamelanmusikk.[1]

Ein har brukt gongong i europeisk orkestermusikk sidan 1700-talet. Dei har også vore brukt som signalinstrument.[1] «Gong» eller «gongong» har kome til norsk gjennom engelsk frå malayisk.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]