Good Luck Charm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Good Luck Charm
Singel av Elvis Presley
B-side «Anything That's Part of You»
Utgjeve 27. februar 1962
Innspelt 15. oktober 1961 i RCA Studios i Nashville
Sjanger Rock 'n' Roll, Rhythm and blues
Lengd 2:25
Selskap RCA Victor[1]
Låtskrivar(ar) Aaron Schroeder, Wally Gold[1]
Produsent Steve Sholes[1]
Elvis Presley-kronologi
«Rock-A-Hula Baby»
(1961)
Good Luck Charm «She's Not You»
(1962)


«Good Luck Charm» er ein song spelt inn av Elvis Presley og publisert av Gladys Music, songforlaget til Elvis Presley. Han vart skriven av Aaron Schroeder og Wally Gold og spelt inn i RCA Studio B i Nashville i Tennessee av Presley i 1961. Songen nådde toppen av Billboard Hot 100-lista i veka som enda 21. april 1962. Han låg på toppen av lista i to veker. Songen nådde òg toppen av UK Singles Chart i mai 1962 og låg der i fem veker.[2] Han var den andre av tre singlar på rad som nådde toppen av den britiske singellista.[1] Songen gjekk òg til topps på VG-lista

«Good Luck Charm» vart spelt av Travis & Shook på Cape Cod Covers, Vol. 1 «The King». Alvin and the Chipmunks spelte songen i ein episode av TV-serien i 1988.

Ein svarsong kalla «Don't Want to Be Another Good Luck Charm», vart spelt inn av Jo (frå duoen Judy & Jo).

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein fransk versjon vart skriven av Guy Bertret og Roger Desbois og framført av Les Vautours med Vic Laurens i 1962 som «Le coup du charme». Denne teksten vart òg spelt inn av Les Champions i juni 1962.

Ein tysk versjon vart omsett av Joachim Relin og kalla «Sei doch mein Talismann - my Darling du allein». Denne vart framført av Ted Herold i juni 1962. Ein annan tysk versjon vart framført av Günter Loose og kalla «Du gehörst auf's Titelbild». Denne vart framført av John Ulrik i mai 1962.

Flemming Bamse Jørgensen skreiv ein dansk tekst til songen, kalla «Marilyn». Denne vart framført av Bamses Venner i 1975. Ein annan dansk versjon vart skriven same året av Niels Grønbech, Bosse Hall Christensen, Michael Bundesen, Claus Asmussen, Michael Hardinger og Jens Tage Nielsen. Denne heitte «Jeg har købt en guitar» og vart framført av Shu-bi-dua i mai 1975.

Ein nederlandsk versjon vart skriven av Nelly Byl og kalla «Mijn talisman». Denne vart framført av Will Tura i 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 65. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 137–8. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]