Good Rocking Tonight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Good Rockin' Tonight)
Hopp til navigering Hopp til søk
Good Rocking Tonight
Song av Roy Brown
Språk Engelsk
Utgjeve 1947
Innspelt Juni 1947
Sjanger Jump blues
Lengd 3:37
Låtskrivar(ar) Roy Brown

«Good Rocking Tonight» var opphavleg ein jump blues-song frå 1947, skriven og spelt inn av Roy Brown[1] og spelt inn av mange andre artistar sidan. Refrenget i songen går «Well I heard the news, there's good rocking tonight!» Songen hadde fleire element av rock and roll.[2]

Original[endre | endre wikiteksten]

Brown hadde først prøvd å gje songen til Wynonie Harris, som takka nei. Han gjekk så til Cecil Gant same dagen,m en etter å ha høyrt Brown syngje, ringde Gant til Jules Braun, direktør i DeLuxe Record, kl. 0230. Etter at Roy Brown song songen over telefon, bad Braun Brown om å syngje han ein gong til. Han sa så til Gant, «Gje han femti dollar og ikkje slepp han ut av syne».[3]

Fem veker seinare spelte Brown inn songen for DeLuxe Records. Først etter at innspelinga til Brown byrja å bli populær i New Orleans valte Harris å spele han inn. Harr sin versjon var meir energisk enn originalversjonen til Brown, med gospel-aktig klapping. Dette kan han medverka til at songen gjekk inn på den nasjonale R&B-lista. Den originale innspeligna til Brown nådde 13. plassen på Billboard R&B-lista, medan Harris sin versjon gjekk heilt til topps og låg inne på lista i eit halvt år.[4] Singelen til Brown gjekk inn att på lista i 1949 og nådde då 11. plassen.

Harris var kjend for å ta seg ein fest, og gløymde stundom teksten. Versjonen hans av «Good Rockin'» følgde stort sett teksten til Brown, men mot slutten erstatta han den siste delen av fleire «hoy hoy hoy!», eit vanleg uttrykk i jump blues på den tida attende til «The Honeydripper» av Joe Liggins i 1945.

Songen danna eit slags grunnlag for populær svart musikk på den tida, med tekstreferansar til Sweet Lorraine, Sioux City Sue, Sweet Georgia Brown, Caldonia, Elder Brown og Deacon Jones. Alle desse personane hadde ofte blitt nemnt i tidlegare hitsongar. Songen er òg rekna som den mest suksessrike songen fram til då som nytta ordet «rock» for å skildre musikken og ikkje berre som ein eufemisme for sex. Denne samanhengen vart enno tydlegare i 1954 då Elvis Presley det året gav ut songen som den andre singelen hans.

Sjølv om Brown ikkje fekk den største hitten med sin versjon, gjorde suksessen at karrieren hans vart sparka i gang, og han fekk sidan to songar på toppen av R&B-lista. I 1949 gav han ut «Rockin' at Midnight», ein oppfølgjar til «Good Rockin' Tonight.» Denne nådde andreplassen på R&B-lista, der han låg i ein månad.[5]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Good Rockin' Tonight
Singel av Elvis Presley
frå albumet A Date with Elvis
B-side «I Don't Care If the Sun Don't Shine»
Utgjeve September 1954[6]
Innspelt 10. september 1954[6]
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:14
Selskap Sun
Låtskrivar(ar) Roy Brown
Produsent Sam Phillips
Elvis Presley-kronologi
«That's All Right»
(1954)
Good Rockin' Tonight «You're a Heartbreaker»
(1954)


Rockin' at Midnight
Singel av The Honeydrippers
frå albumet The Honeydrippers: Volume One
Utgjeve 1984
Innspelt Mars 1984, Atlantic Studios, New York, NY
Sjanger Rock and roll, rockabilly
Lengd 6:00
Selskap Es Paranza/Atlantic Records

90265

Låtskrivar(ar) Roy Brown
Produsent Nugetre and The Fabulous Brill Brothers (Robert Plant & Phil Carson)

I 1954 vart «Good Rockin' Tonight» den andre singelen til Elvis PresleySun Records, i alg med «I Don't Care if the Sun Don't Shine» på B-sida.[7] Presley og bandet hans spelte ein versjon som låg nærare Roy Brown, men utelukka dei mange personane som vart nemnde i songen, og spelte ein meir enklare «We're gonna rock, rock, rock!»[8]

Songen vart nytta i biografiserien Elvis, med Jonathan Rhys-Meyers som Presley.

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[9] Gull 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nick Tosches, Country: The Twisted Roots of Rock 'n' Roll (Da Capo Press, 1996), 51.
  2. «Morgan Wright's HoyHoy.com: The Dawn of Rock 'n Roll». Hoyhoy.com. 1954-05-02. Henta 1. oktober 2016. 
  3. Lauterbach, Preston, The Chitlin' Circuit and the Road to Rock N Roll, W.W. Norton, 2011, s. 142-143
  4. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 246. 
  5. Roy Brown's «Good Rockin' Tonight» Henta 1. oktober 2016.
  6. 6,0 6,1 Jorgensen, Ernst (July 1998). Elvis Presley: A Life in Music. New York: St. Martin's Press. ISBN 0-312-18572-3. OCLC 38168234. 
  7. Gary Dowell, Isaiah Evans, James L. Halperin, Kim Jones, and Ivy Press, Heritage Music and Entertainment Dallas Signature Auction Catalog #634 (Heritage Capital Corporation, 2006), 167.
  8. The Blue Moon Boys - The Story of Elvis Presley's Band. Ken Burke and Dan Griffin. 2006. Chicago Review Press. pages 45,46. ISBN 1-55652-614-8
  9. «American single salstrofé – Elvis Presley – Good Rocking Tonight». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  10. Barker, Derek (2009). Liner notes to Bruce Springsteen's Jukebox: The Songs that Inspired the Man [CD]. Chrome Dreams.
  11. Jerry Lee Lewis, The 20 Most Requested Henta 1. juli 2012.