Goodbye Blue Sky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Goodbye Blue Sky
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november 1979
Sjanger Progressiv rock
Lengd 2:45
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

«Goodbye Blue Sky» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet deira The Wall i 1979.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er forholdsvis roleg, men tonen endrar seg fleire gonger gjennom songen. I introduksjonen kan ein høyre ei uskuldig barnestemme som seier «Look, mummy, there's an aeroplane up in the sky!». Denne delen av songen er roleg, men vert brått meir skummel. Kort etter denne endringa startar tekstpartia. Songen har visse likskapstrekk med songen «Grantchester Meadows» frå Ummagumma.

Plot[endre | endre wikiteksten]

Som dei andre songane på The Wall fortel «Goodbye Blue Sky» ein del av historia om hovudpersonen Pink. Songen forklarar depresjonen til Pink som eit resultat av at han voks opp i ei etterkrigsverd med berre den oververnande mora hans til å ta seg av han. Han skildrar òg at Pink er lei seg for at den barndomen han skulle hatt, vart tatt bort frå han sjølv før han vart fødd. Vi får så vite at han reiser til USA og blir ei rockestjerne, der han og kjærasten hans giftar seg.

Filmversjonen[endre | endre wikiteksten]

I filmversjonen er denne delen animert av Gerald Scarfe. Den viser ei due som eksploderer til ei nazistisk ørn, som grip jorda og etterlater eit spor av blod. Ho glir over England og dannar ein krigsherre som spyr ut fly. Ein kan sjå nakne personar med gassmasker som gøymer seg frå faren («the frightened ones») og eit engelsk flagg som vert omforma til ein blodig kross. Dette er ein av dei mest dramatiske animasjonssekvensane i filmen. I motsetnad til albumet, kjem denne sekvensen etter «When the Tigers Broke Free», del 2.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Personell per Fitch og Mahon.[1]

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, p.81.