Goodbye to Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Goodbye to Love
Singel av The Carpenters
frå albumet A Song for You
B-side «Crystal Lullaby»
Utgjeve 19. juni 1972
Innspelt 1972
Sjanger Softrock
Lengd 3:58
Selskap A&M 1367
Låtskrivar(ar) Richard Carpenter; John Bettis
Produsent Jack Daugherty
The Carpenters-kronologi
«It's Going to Take Some Time»
(1972)
Goodbye to Love «Sing»
(1973)


«Goodbye to Love» er ein song skriven av Richard Carpenter og John Bettis. Han vart gjeven ut av The Carpenters i 1972. I dokumentarfilmen Close to You: Remembering The Carpenters sa Tony Peluso at dette var ein av dei første powerballadane, om ikkje den aller første, som hadde ein fuzzgitarsolo.

Då Richard Carpenter var i London såg han ein Bing Crosby-film frå 1940 kalla Rhythm on the River. Carpenter la merke til at rollefiguren stadig snakka om ein flott song han heldt på å skrive på, «Goodbye to Love». Han sa «Du får aldri høyre songen i filmen, dei berre stadig referer til han.» Carpenter såg så for seg korleis songen kunne gå.

Medan the Carpenters spelte inn songen, meinte Carpenter at dei burde ha med ein fuzzgitarsolo. Gitaristen Tony Peluso vart då kalla inn for jobben.

Singelen kom ut 19. juni 1972 og nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100. Det var den første songen skriven av Carpenter og Bettis som nådde topp 10 i USA. Mange fans skreiv hatefulle brev til the Carpenters fordi dei mislikte fuzzgitarsoloen på slutten av ein kjærleiksballade. Somme Adult Contemporary (AC)-radiostasjonar nekta å spele songen på grunn av soloen.

«Goodbye to Love» har blitt skildra som prototypen på ein powerballade.[1]

Liste Plassering
U.S. Billboard Hot 100 7
U.S. Billboard Easy Listening 2
Record World 6
Canadian Singles Chart 4
Oricon (Japansk) singelliste 55
UK Singles Chart 9

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Perrone, Pierre (August 2, 2010). «Tony Peluso: gitarist whose solos on The Carpenters' 'Goodbye to Love' ushered in the power-ballad era». The Independent. Henta 5. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]