Goodnight Saigon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Goodnight Saigon
Singel av Billy Joel
frå albumet The Nylon Curtain
B-side «A Room of Our Own» (US & Australia)

«Where's the Orchestra» (UK & Europe)

Utgjeve 1983
Innspelt Spring 1982
Sjanger Rock
Lengd 7:03
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi
«Allentown»
(1983)
Goodnight Saigon «Tell Her About It»
(1983)


«Goodnight Saigon» er ein song skriven av Billy Joel på albumet The Nylon Curtain frå 1982. Songen handlar om Vietnamkrigen. Han handomar om situasjonen og haldninga til amerikanske marinesoldatar, frå treninga ved Parris Island til forskjellige aspekt ved kampane i Vietnam.

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

Teksten til «Goodnight Saigon» handlar om korleis soldatar i kamp knyt band til kvarandre, kjempar mot frykta si og prøver å finne ut korleis ein skal overleve.[1] Songaren, ein marinesoldat, syng «we» og ikkje «I», som gjer det tydeleg at soldatane er i denne situasjonen saman.[1] I mellomspelet syng Hoel om mørkret og frykta som soldatane får.[1] Dette går inn i refrenget, der fleire stemmer syng i lag «we will all go down together».[1][2] Teksten nemner at dei les Playboy Magazine, ser Bob Hope, lyttar til The Doors, røyker frå ei hasjpipe, bed til Jesus, minnast Charlie og John F. Baker og dei som fall i kamp.[2][1] Joel har sagt at han ikkje prøvde å kommentere krigen, men å skrive om soldaten som ein person.[3][4] Rolling Stone Magazine-skribenten Stephen Holden sa «Etter kvart som songen utviklar seg, vert Joels «we» til alle amerikanske soldatar, levande og daude, som kjempa i Søraust-Asia.»[2]

Songen byrjar med lyden av sirissar, som gjev ei kjensle av at det kveldar.[1] Dette glir over i lyden av helikoter, som gjev bilete av helikopter som kjempa Vietnamkrigen eller plukkar opp såra soldatar.[1][2] Joel byrjar så å spele piano før han byrjar å synge.[1][2] Songen vert avslutta på same vis som han starta.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Holden skildrar songen som kanskje «den ultimate pop-epitafen til Vietnamkrigen.»[2] Han hyllar korleis stemma til Joel fangar kjensla til ein nitten år gamma soldat.[2] Ein annan Rolling Stone-skribent, Dave Marsh reknar songen som på grensa til «uanstendig» sidan songen «nektar å velje side».[5] Allmusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine reknar songen som ein del av ein suite på side ein av The Nylon Curtain som representerer den «lagvise, suksessrike, og modne popmusikken som fører Joel nær det ultimate målet om sofistikert pop/rock for eit vaksent publikum».[6] Musikaren Garth Brooks har omtalt «Goodnight Saigon» som sin favoritt Billy Joel-song.[4] Produsenten Phil Ramone har sagt at symbolismen i songensongen symboliserer «resonates with many people—especially musikars."[4]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

«Goodnight Saigon» vart mykje spelt på konsertane til Joel og er med på konsertalbuma Концерт, 12 Gardens Live og Live at Shea Stadium: The Concert.[7] Han finst òg på samlealbuma Greatest Hits, Souvenir: The Ultimate Collection, The Ultimate Collection, The Essential Billy Joel, Piano Man: The Very Best of Billy Joel og My Lives.[7]

«Goodnight Saigon» vart spelt av countryartisten Garth Brooks på Blame it All on My Roots.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1983) Plassering
Belgia (Flandern)[8] 1
Nederland[9] 1
Irland 19
UK Singles Chart 29
U.S. Billboard Hot 100 56

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Bielen, K. (2011). The Words and Music of Billy Joel. ABC-CLIO. s. 59–60. ISBN 9780313380167. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Holden, S. (October 14, 1982). «The Nylon Curtain». Rolling Stone Magazine. Henta 30. august 2014. 
  3. Bordowitz, H. (2006). Billy Joel: The Life & Times of an Angry Young Man. Random House. s. 143–145. ISBN 9780823082483. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Ramone, P. & Granata, C.L. (2007). Making Records: The Scenes Behind the Music. Hyperion. s. 218. ISBN 9780786868599. 
  5. Marsh, D. (1983). Marsh, D. & Swenson, J., red. The New Rolling Stone Record Guide. Rolling Stone Press. s. 260. ISBN 0394721071. 
  6. Erlewine, S.T. «The Nylon Curtain». Allmusic. Henta 30. august 2014. 
  7. 7,0 7,1 «Goodnight Saigon». Allmusic. Henta 30. august 2014. 
  8. http://www.ultratop.be/nl/showitem.asp?interpret=Billy+Joel&titel=Goodnight+Saigon&cat=s (Henta 29. august 2014)
  9. «De Nederlandse Top 40, week 5, 1983». Henta 24. juli 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]