Goražde
Utsjånad
| Goražde | |
|---|---|
| Горажде | |
| Land Kanton |
Bosnia-Hercegovina Bosniske Podrinje Goražde |
| Flatevidd | 5,67 km² |
| Innbyggjarar • Kommune (2013) • Byområde |
20 897[1] 39 690[1] |
| Koordinatar | 43°40′7″N 18°58′30″E / 43.66861°N 18.97500°E |
| Høgd | 345 m |
| Tidssone | UTC+01:00 (UTC) |
| Nettstad: http://www.gorazde.ba/ | |

Goražde (bosnisk kyrillisk Горажде) er ein by[2] og ein kommune i kantonen Bosniske Podrinje Goražde innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[3] Goražde er hovudsete i kantonen.
Etter Daytonavtalen vart byen Goražde og det meste av den tidlegare kommunen liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Ein mindre del vart liggjande i Den bosniske serbarrepublikken som kommunen Novo Goražde.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]
| Folketal 1991 | Folketal 2013 | |
|---|---|---|
| Goražde | 16 273 | 11 806 |
| Bačci | 1 421 | 1 120 |
| Vitkovići | 1 080 | 942 |
| Zupčići | 792 | 382 |
| Budići | 388 | 324 |
| Kommunen Goražde | 32 858 | 20 897 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Konačni rezultati - Popis 2013». Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine. 2013. Henta 25. desember 2024.
- ↑ Žunić, Nihad (19. juli 2024). «Koliko je teško dobiti status grada u BiH i šta to konkretno znači». Klix.ba (på kroatisk). Henta 26. desember 2024.
- ↑ «The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina» (PDF). OSSE. 14. desember 1995. Henta 23. november 2024.