Gordon Beck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gordon Beck
Fødd16. september 1935(1935-09-16)
FødestadBrixton i London i England
Død6. november 2011 (76 år)
DødsstadEly i Cambridgeshire i England
OpphavStorbritannia
Aktiv1960 til midten av 2000-åra
SjangerJazz
InstrumentPiano
Tilknytte artistarTubby Hayes, Phil Woods
Verka somMusikar, komponist

Gordon James Beck (16. september 19366. november 2011[1]) var ein engelsk jazzpianist og komponist. Då han døydde hadde han gjeve ut 26 album under sitt eige namn.[2]

Beck vart profesjonell musikar i 1960.[2] Beck vart med i gruppa til Tubby Hayes i 1962 i England.[2] Han leia sine eigne band frå 1965, inkludert Gyroscope, frå 1968, som var ein trio i lag med bassisten Jeff Clyne og trommeslagaren Tony Oxley. Beck spelte med songaren Helen Merrill første gongen i 1969 og fortsette med det inn i 1990-åra. Frå 1969 til 1972 turnerte han med saksofonisten Phil Woods sitt European Rhythm Machine. Beck spelte inn ti album med Woods.[2]

I 1960- og 1970-åra var han fast pianist i Ronnie Scott's Jazz Club.[3] Beck spelte òg «eksperimentell funk» i gruppa til den sveitsiske musikaren George Gruntz, Piano Conclave (1973-75), som bestod av seks klaverspelarar, og frijazz med John Stevens (1977, 1982).[3] Beck var medlem av Nucleus i 1973 og 1974.[3]

Han har òg spelt med Allan Holdsworth, Henri Texier, Didier Lockwood og andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Search Results for England & Wales Births 1837-2006 - findmypast.co.uk». search.findmypast.co.uk. Henta 31. desember 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Voce, Steve (11. november 2011) "Gordon Beck: Pianist Renowned for His Work with Tubby Hayes". Independent.
  3. 3,0 3,1 3,2 Fordham, John (14. november 2011). «Gordon Beck Obituary». The Guardian. Henta 15. mai 2015.