Gordon Cowans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gordon Cowans


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 27. oktober 1958 (65 år)
England
Idrett fotball

Gordon Sidney Cowans (fødd 27. oktober 1958) er ein engelsk tidlegare fotballspelar. Han var midtbanespelar med framifrå teknikk.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Cowans fekk sin ligadebut på Aston Villa i 1976. Med Aston Villa vann han ligacupen 1977, ligameisterskapen 1981 og europacupen 1982, den siste etter siger 1–0 mot Bayern München. Sommaren 1985 vart Cowans overført til Bari og italiensk seriefotball. Etter tre år i Italia vende han tilbake til Aston Villa i 1988. Frå 1991 til 1997 tente han til levebrødet i ei rad engelske klubbar; Blackburn Rovers, enno ein gong Aston Villa, Derby County, Wolverhampton Wanderers, Sheffield United, Bradford City, Stockport County, Burnley FC.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Cowans spelte 10 kampar på Englands landslag, den fyrste i februar 1983 og den siste i november 1990. Han skåra to landslagsmål, det fyrste mot Skottland og det siste mot Egypt. Cowans var aldri med om å tape ein landskamp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]