Gordon Haskell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gordon Haskell

Fødd27. april 1946 (77 år)
FødestadBournemouth
FødenamnGordon Hionides
OpphavVerwood i Wimborne i Dorset i England
Aktiv1965 til i dag
SjangerRock, folk, jazz, blues
InstrumentVokal, bassgitar, gitar, klaverinstrument
Tilknytte artistarLes Fleur de Lys, King Crimson
PlateselskapWilderness Records, East West Records, etc.
Verka somMusikar, låtskrivar, vokalist, plateprodusent

Gordon Haskell (fødd 27. april 1946) er ein engelsk vokalist, låtskrivar og bassist. Han vart først kjend som medlem i det britiske bandet Les Fleur de Lys. Han song på ein av songane på det andre albumet til King Crimson, og spelte bass og song på det tredje albumet deira. Etter han forlet King Crimson heldt han fram musikkarrieren som solomusikar og vart internasjonalt kjend i 2001 med hitsongen «How Wonderful You Are».

Han var skulekamerat av King Crimson-gitaristen Robert Fripp og dei to arbeidde først i lag i ein amatørversjon av Fripp-bandet League of Gentlemen i midten av 1960-åra. Sidan den gong har Gordon Haskell alltid vore i utkanten av det engelske musikkmiljøet. Ein kort periode delte han leilegheit med Jimi Hendrix. Medan han spelte bass i det psykedeliske popbandet Fleur De Lys spelte han inn nokre singlar med gruppa utan særleg suksess. Debutplata til Haskell som soloartist var Sail in My Boat i 1969. Albumet selde dårleg.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1966-1969 - Les Fleur de Lys - Reflections
  • 1969 - Sail In My Boat
  • 1971 - It Is And It Isn't (med John Wetton, Arif Mardin, David Spinozza, Eddie Brigati, David Brigati, et al.)
  • 1979 - Serve At Room Temperature
  • 1992 - Hambledon Hill
  • 1992 - It's Just A Plot To Drive You Crazy
  • 1994 - Voiceprint Radio Sessions
  • 1996 - Butterfly In China
  • 2000 - All In The Scheme of Things
  • 2001 - Look Out
  • 2002 - Shadows On The Wall
  • 2004 - The Lady Wants To Know
  • 2010 - One Day Soon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]