Gordon Pirie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gordon Pirie

Gordon Pirie 1953.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 10. februar 1931
Leeds
Død

7. desember 1991 (60 år)
Lymington

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952

Utmerkingar

BBC Sports Personality of the Year Award

Gordon Pirie på Bislett stadion i 1953

Douglas Alastair Gordon Pirie (10. februar 19317. desember 1991) var ein britisk idrettsutøvar, på 1950-talet ein av verdas beste langdistanseløparar. Han vart i 1955 kåra til årets idrettsmann i Storbritannia. I 1956 sette han verdsrekordar på 3 000 meter og 5 000 meter. Pirie vann i 1956 OL-sølv og i 1958-EM-bronse på 5 000-meteren.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Pirie deltok på 5 000 m ved Sommar-OL 1952 i Helsinki der han enda fjerdeplass, nærmare ti sekund attom bronsevinnaren. På 10 000-meteren vart han sjuandemann. Sommaren 1953 sette han britisk rekord på 5 000 m og 10 000 m i løpet av få dagar. I landskamp mot Vest-Tyskland 27. august i Vest-Berlin vann han på den fin-fine tida 14.02,6, berre vel fire sekund etter verdsrekorden. Ei veke seinare, under landskampen mot Sverige på Stockholm stadion, sprang han mila på 29.17,2, einast verdsrekordhaldaren Emil Zátopek hadde sprunge fortare. I 1955 slo Pirie nettopp Zátopek i samløp, noko som verka til han vart kåra til årets britiske idrettsmann.

Den 19. juni 1956 sette Pirie ein «fenomenal» verdsrekord på 5 000 m på Krohnsminde idrettsplass i Bergen. Heile løpet låg han i rygg på Vladimir Kuts frå Sovjetunionen. I nest siste sving auka Pirie farta og passerte Kuts. Briten fekk sluttida 13.36,8, også Kuts med 13.39,6 kom under den gamle verdsrekorden. Tre dagar etter sette Pirie med tida 7.55,5 verdsrekord på 3 000 m i eit stemne i Trondheim. Denne rekorden forbetra han til 7.52,7 i Malmö den 14. september. Under dei olympiske sommarleikane i slutten av november vann Pirie sølvmedaljen på 5 000-meteren, slått av Kuts med 11 sekund.

Ved europameisterskapen 1958 i Stockholm makta ikkje Pirie halde fylgje med dei to polakkane Zdzisław Krzyszkowiak og Kazimierz Zimny på 5 000 m. Derimot hadde han ingen vanskar med å halde unna for landsmannen Peter Clark og sikre seg bronsemedaljen. Til Roma-OL var Pirie dårleg akklimatisert til heten, noko 32. beste tid i kvalifiseringa til 5 000-finalen viste. I milløpet vart han nummer 10.

Orientering[endre | endre wikiteksten]

I 1967 og 1968 vart Pirie den fyrste britiske meisteren i orienteringsløp. Han deltok i dei to fyrste verdsmeisterskapane i orientering, best gjorde han det med ein 28. plass i 1968.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]