Gordon Waller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gordon Waller
Gordon Waller 2005.jpg
Gordon Waller i 2005
Fødd4. juni 1945(1945-06-04)
FødestadBraemar i Aberdeenshire i Skottland
Død17. juli 2009 (64 år)
DødsstadNorwich i Connecticut i USA
FødenamnGordon Trueman Riviere Waller
OpphavStorbritannia
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapABC Records
Verka somMusikar

Gordon Trueman Riviere Waller (4. juni 194517. juli 2009) var ein skotsk songar, låtskrivar og gitarist, best kjend som Gordon i popduoen Peter and Gordon i 1960-åra. Dei fekk ein stor hit med songen «A World Without Love».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Waller var fødd i Braemar i Skottland, som son av ein kirurg.[1] Familien flytta seinare til Middlesex då Waller var barn. På skulen møtte han Peter Asher og dei byrja å spele i lag som ein duo - Peter and Gordon. Asher var den eldre broren til skodespelarinna Jane Asher, som i midten av 1960-åra var kjæraste med Paul McCartney i The Beatles. Gjennom denne kjennskapen fekk duoen ofte songar av Lennon–McCartney som dei spelte inn, som den første store hitten deira, «A World Without Love» (1964).

Peter and Gordon vart oppløyst i 1968. Waller prøvde seg så som soloartist utan å lukkast, og gav ut eitt album, and Gordon. I 1971 spelte han i musikalen Joseph and the Amazing Technicolor Dreamcoat som Pharaoh,[2] og song på det tilhøyrande albumet.

I 2007 gav Waller ut soloalbumet Plays the Beatles, med ei nyinnspeling av «Woman», som Paul McCartney skreiv under pseudonymet Bernard Webb, og som Peter and Gordon hadde hatt ein hit med i midten av 1960-åra. I 2008 følgde han opp med Rebel Rider.

Han døydde av eit hjarteinfarkt den 17. juli 2009 på eit sjukehus i Norwich i Connecticut.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Peter and Gordon[endre | endre wikiteksten]

  • In Touch With... (1964)
  • Peter and Gordon (1964)
  • World Without Love (1964)
  • Hurtin' 'n' Lovin' (1965)
  • I Don't Want to See You Again (1965)
  • I Go to Pieces (1965)
  • True Love Ways (1965)
  • Best of Peter and Gordon (1966)
  • Peter and Gordon Sing & Play the Hits of Nashville (1966)
  • Somewhere (1966)
  • Woman (1966)
  • In London for Tea (1967)
  • Knight in Rusty Armour (1967)
  • Lady Godiva (1967)
  • Hot Cold & Custard (1968)
  • Best of Peter and Gordon (1983)
  • Hits of Peter and Gordon (1983)
  • Best of Peter and Gordon (1991)
  • Ultimate Peter and Gordon (2001)
  • Definitive Collection: Knights in Rusty Armour (2003)

Som soloartist[endre | endre wikiteksten]

  • ...and Gordon (1972)
  • Joseph and the Amazing Technicolor Dreamcoat (Pharaoh, som Gordon Waller) (1974)[3]
  • Plays the Beatles (by Gordon Waller) (2007)
  • Rebel Rider (by Gordon Waller) (2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gordon Waller obituary, The Herald, 21. juli 2009. Henta 1. april 2018.
  2. Dennis McLellan (20 July 2009). «Gordon Waller dies at 64; half of the '60s British singing duo Peter & Gordon». Los Angeles Times. 
  3. Rereleased as an Audio CD by MCA Canada in 2010, catalog no.: MCBBD399