Goree Carter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Goree Carter
Fødd31. desember 1930(1930-12-31)
FødestadHouston i Texas i USA
Død29. desember 1990 (59 år)
DødsstadHouston i Texas i USA
FødenamnGoree Chester Carter
eller Christer Carter
AliasLittle T-Bone
Rocky Thompson
Gory Carter
OpphavUSA
Aktiv1940-åra til 1954
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
  • The Hepcats
  • Goree Carter and His Hepcats
PlateselskapFreedom Records
Verka som

Goree Chester Carter[3] eller Christer Carter[4] (31. desember 193029. desember 1990)[5] kjend som Goree Carter, var ein amerikansk songar, gitarist, trommeslagar,[6] låtskrivar og soldat.[3] Han nytta òg scenenamna Little T-Bone, Rocky Thompson og Gory Carter,[4] og spelte bluesmusikk som elektrisk blues, jump blues og Texas blues,[1] i tillegg til rock and roll.[3]

Han er mest kjend for singelen «Rock Awhile» frå 1949, som av mange blir rekna som ein av kandidatane til den første rock and roll-songen,[2][3][7] med ein forvrengd elektrisk gitar som minna om den seinare gitarstilen til Chuck Berry fleire år seinare.[2][3] Carter spelte inn «Rock Awhile» då han var 18 år gammal,[3] og songen vart oppdaga på ny etter han var død som ein av føregjengarane til rock and roll.[8] Carter vart innkalt til militærteneste då han var 19 år,[9] og deltok i Koreakrigen.[3]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Goree Carter var fødd i Houston i Texas.[5] Han byrja å spele blues då han var 12 og llærte seg å spele på gitaren til syskenbarnet. Fordi det var få gitaristar på den tida, måtte han lære seg å spele på eiga hand, noko han lærte ved å lytte til somme av favorittplatene sine på ein Victrola-maskin og plukke streng for streng på gitaren. Han lærte seg nokre få akkordar frå å lytte og nokre fleire frå ei gitarbok.[10] Som tenåring livnærte han seg med å kaste sekkra ved ei lokal rismølle. Han hadde ein Gibson-gitar og byrja å fronte sine eigne band tidleg i tenåra.[3]

Goree Carter and His Hepcats[endre | endre wikiteksten]

I 1949 fekk han og jump blues-bandet hans, The Hepcats,[5] òg kalla Goree Carter and His Hepcats[3] eller Goree Carter & His Hepcats,[11] kontrakt med Freedom Records, eit lokalt plateselskap starta av Sol Kahal, og spelte inn den første utgjevinga til selskapet, «Sweet Ole Woman Blues».[12] Kahal oppdaga han anten seint i 1948 eller tidleg i 1949.[3] I tillegg til Carter på gitar, bestod bandet av to saksofonar, ein trompet, piano, bass og trommer. Gitarstilen til Carter var påverka av Aaron «T-Bone» Walker, men var forvrengd og har ein røffar lyd som varsla om stilen som dukka opp i rock and roll eit par år seinare. Gitarstilen hans kan ha inspirert Chuck Berry.[13]

18 år gammal spelte han inn den mest kjende singelen sin, «Rock Awhile» i april 1949. Denne har blitt rekna som ein kandidat til tittelen den første rock and roll-songen og ein «lang meir høvande kandidat» enn den ofte siterte «Rocket 88» (1951) av Ike Turner. Introen til «Rock Awhile» minnar om mange av introane til Chuck Berry frå 1955 og frametter. «Rock Awhile» vart spelt inn to år før «Rocket 88» med ein gitarstil som var særs lik den seinare spelestilen til Chuck Berry med forvrengd gitarlyd og eit akkompagnement med boogie-basert rytme. I tillegg er både tittelen og teksten typisk for ein rock and roll-song.[2] Roger Wood og John Lomax omtalte òg «Rock Awhile» som den første rock and roll-innspelinga.[3][7] Songen vart spelt inn ved Bill Holford's Audiophile Custom Associates Studio. «Rock Awhile» vart derimot ikkje den same salssuksessen som seinare rock & roll-plater.[3]

Då Carter kom attende frå Koreakrigen i 1951, berre 20 år gammal, gjekk det nedover med musikk-karrieren hans. Han skal ha skrive fleire songar på denne tida, men skal ha «rive dei sund», fordi plateselskapet ikkje ville la han spele dei inn og sa at han var «føre seg sjølv».[3] Den siste innspelinga hans vart gjort i 1954.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Goree Carter & His Hepcats-songar i 1949:[11]

  • «Rock Awhile»
  • «Back Home Blues»
  • «How Can You Love Me?»
  • «I'll Send You»
  • «I Just Thought of You»
  • «Hoy-Hoy»

Goree Carter-songar 1949-1950:[9]

  • «Love's a Gamble»
  • «Christmas Time»
  • «Sweet Ole Woman's Blues»
  • «My Love is Coming Down»
  • «She's Just Old Fashioned»
  • «Workin' with My Baby»
  • «Is it True?»
  • «What a Friend Will Do»
  • «She's my Best Bet»
  • «Serenade»
  • «Come on Let's Boogie»
  • «Lonely World»
  • «Drunk or Sober»
  • «You are my Everything»
  • «Every Dog Has His Day»
  • «Everybody's Love Crazy»
  • «I'm Just Another Fool»
  • «If It's True What They Tell Me»
  • «Let's Rock»
  • «True Love is Hard to Find»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Goree Carter». Allmusic. Henta 30 June 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Robert Palmer, «Church of the Sonic Guitar», s. 13-38 in Anthony DeCurtis, Present Tense, Duke University Press, 1992, p. 19. ISBN 0-8223-1265-4.
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 3,12 John Nova Lomax (December 2014), Roll Over, Ike Turner, Texas Monthly
  4. 4,0 4,1 Bob L. Eagle, Eric S. LeBlanc, Blues: A Regional Experience, ABC-CLIO, 2013, p.399
  5. 5,0 5,1 5,2 Doc Rock. «The Dead Rock Stars Club 1990 - 1991». Thedeadrockstarsclub.com. Henta 24. september 2016. 
  6. Bob L. Eagle; Eric S. LeBlanc. «Blues: A Regional Experience». Books.google.co.uk. Henta 24. september 2016. 
  7. 7,0 7,1 Roger Wood (2003), Down in Houston: Bayou City Blues, pages 46-47, University of Texas Press
  8. Larry Birnbaum (2013), Before Elvis: The Prehistory of Rock 'n' Roll, page 275
  9. 9,0 9,1 «The Complete Recordings, Vol. 1: 1949-1951 - Goree Carter | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. 2004-11-16. Henta 24. september 2016. 
  10. Alan B. Govenar. «Texas Blues: The Rise of a Contemporary Sound». Books.google.co.uk. Henta 24. september 2016. 
  11. 11,0 11,1 Billboard (May 21, 1949), page 30
  12. «Labels 2». Home.earthlink.net. Henta 24. september 2016. 
  13. «The Complete Recordings - Volume 1: 1949-1951 - Goree Carter». Freshsoundrecords.com. 1930-12-31. Henta 24. september 2016.