Gorgus Coward

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gorgus Coward
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. august 1912
Moss kommune
Død

29. juli 1994 (81 år)
Oslo

Yrke skribent, lektor, pedagog, litteraturhistorikar
Språk norsk, tysk
Medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur

Gorgus Major Coward (23. august 191229. juli 1994) var ein norsk lektor, rektor, lærebokforfattar og riksmålsmann.

Gorgus Coward var fødd i Moss som son av Gorgus Herman Coward (1877–1939) og Olga Jørgensen (1881–1950). Han gjekk ut som Cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1935. Dette året tok han også pedagogisk eksamen.

Frå 1936 til 1938 verka han som lektor ved Universitetet i Berlin. Deretter arbeidde han med vidaregåande utdanning i Oslo fram til 1979. Coward var rektor ved Fagerborg vidaregåande skule frå 1961 til 1979. Han gav ut fleire lærebøker og litteraturantologiar i norsk og tysk som var mykje brukte. I tillegg til desse gav han også ut ein kjend riksmålsgrammatikk (1959, siste utgåve 1986).

Coward var medlem av Gjelsvik-komiteen 1963–67 som vurderte reform av gymnaset, av Vogt-komitéen 1964–1966 og av Norsk språkråd 1972–1984. Han var også ein viktig person i Norsk Lektorlag.

Gorgus Coward var riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og æresmedlem av Riksmålsforbundet. Frå 1963 var han medlem av Det norske Akademi for Sprog og Litteratur.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Etternamnet Coward er av engelsk opphav, og kom til Noreg på slutten av 1700-talet. Namnet tyder «kuhyrde» og blir uttalt /kåvard/.

I 1936 gifta han seg med Hendy Usterud Andersen, systera til jusprofessor Kristen Andersen. Dottera hans Kirsti Coward har vore dommar i Høgsterett.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • De litterære forutsetninger for Henrik Ibsens “Peer Gynt”. Av et dikterverks bakgrunn, 1935
  • Dichtung und Wissen. Ein Lesebuch für Gymnasien (med Hendy Coward), 1948
  • Vår diktning. Fra folkevise til fridomskamp. Utvalg av norsk litteratur for gymnaset (med B. Brinck-Lund), 1946
  • Wir lesen weiter. Tysk lesebok for 2. realskoleklasse (med Hendy Coward), 1954
  • Litteraturhistorie for realskolen, 1957
  • Kortfattet riksmåls-grammatikk, 1958
  • Lesen und Lernen. Ein Lesebuch für Gymnasien. “Reallinjen” – “Latinlinjen” (med Hendy Coward), 1952
  • Diktere og diktekunst. Litteraturhistorie for gymnaset, 1961
  • Liv og yrke. Leseverk for yrkesskoler (med F. Wigdahl og R. Aasland), 1961
  • Vår tid og vår diktning. Et utvalg av litteratur fra vår egen tid, med tillegg av moderne utenlandsk diktning og aktuell sakprosa (med F. Raastad), 1975

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Gorgus Major Coward» (21. oktober 2011). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. august 2015.
  • Aasekjær, Henrik. «Gorgus Coward» (13. februar 2009). Norsk biografisk leksikon. Henta 8. august 2015.