Gorm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runestein i Jelling sett opp av Gorm den gamle for kona Thyra.

Gorm er eit mannsnamn danna som ei dansk kortform av det norrøne Guðþormr (Guttorm). Begge namna har norsk namnedag den 17. juli.

Guðþormr er sett saman av guð, goð, 'gudar', og þormr som kjem frå verbet þyrma, 'skåna, verna'.

Gorm er også eit keltisk ord som tyder 'blå'. Ein finn det i fjellnamn som Cairn Gorm og Meall Gorm i Skottland og Ben Gorm på Irland. Havområdet The Minch heiter Sruth nam Fear Gorm, 'straumen til blåmennene', på gælisk.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]