Gostivar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gostivar
makedonsk: Гостивар
albansk: Gostivari
Frå sentrum av Gostivar
Frå sentrum av Gostivar
Byvåpenet til Gostivar
Byvåpenet til Gostivar
Styresmakter
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Polog
Borgarmeister Trifun Kostovski
Geografi
Flatevidd
 - By

513,39 km²
Innbyggjarar
 - By (2002)
   - folketettleik

81 042
  157,9/km²
Koordinatar 41°48′″N 20°55′″EKoordinatar: 41°48′″N 20°55′″E
Høgd over havet 240 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 1000
Telefon-retningsnummer 02
Bilnummer SK
Heimeside: gostivar.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Gostivar i Nord-Makedonia
Plasseringa til Gostivar i Nord-Makedonia

Gostivar (makedonsk Гостивар; albansk Gostivari) er ein by og ein kommune i den øvre Pologdalen i regionen Polog i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2002 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane Gostivar, Dolna Banjitsa, Vrutok, Srbinovo og Tsjegrane. Samstundes vart busetnaden Kjafa overført frå den tidlegare kommunen Oslomej og Brodets frå Mavrovi Anovi.

Kommunen hadde 81 042 innbyggjarar ved folketeljinga i 2002, den tidlegare kommunen Gostivar hadde 49 545, medan sjølve byen hadde 35 847 innbyggjarar.[1][2]

Gostivar ligg ved foten av fjellet Šar Planina og elva Vardar renn gjennom byen. Byen har gode bil- og jernbanesamband til Tetovo, Skopje, Kitsjevo, Ohrid, og Debar. Ein moderne motorveg vart bygd i 1995 frå Gostivar til Tetovo.

Klokketårnet i byen er eit av dei viktigaste monumenta her, og vart bygd av osmanarane i 1566. Moskéen Beg Mahala vart bygd i 1688 av Ebu Bekir, sonen til pasja Kara Mustafa.

Busetnader i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadene i kommunen er:[1]

Busetnad Folketal 2002
Gostivar 35 847
Tsjegrane 6 748
Debresje 4 847
Forino 4 652
Gorna Banjitsa 4 423
Dolna Banjitsa 4 356
Tsjajle 3 070
Balin Dol 2 501
Belovisjte 2 267
Zdunje 2 140
Raven 1 615
Vrutok 1 127
Retsjane 1 054
Srbinovo 1 039
Malo Turtsjane 1 013

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]