Gothic rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gothic rock
Stilmessig opphav: Punkrock, post-punk, glamrock[1]
Kulturelt opphav: Seint i 1970-åra, Storbritannia
Typiske instrument: Gitar - Bass - trommer - trommemaskin - synthesizer - klaver
Populær periode: Hovudsakleg undergrunn fram til midten og seint i 1980-åra; låg sidan midten av 1990-åra
Avleidde former: Ethereal Wave
Undersjangrar
Dark Cabaret - deathrock - gothabilly - Dark Wave - Gothic Metal
Andre emne
Dark Wave - Kultur - Mote

Gothic rock eller goth rock (ofte berre kalla goth) er ein musikalsk undersjanger av post-punk og alternativ rock som oppstod seint i 1970-påra. Gothic rock-band hadde sterke band til den engelske punkrock- og den gryande post-punk-rørsla. I følgje både Pitchfork[2] og NME,[3] er protogoth-banda er Joy Division,[2][3] Siouxsie and the Banshees,[2][3] Bauhaus[2][3] og The Cure.[2][3] Sjangeren i seg sjølv vart definert som ei eiga grein av punkrock tidleg i 1980-åra på grunn av større stilmessige skilnader frå miljøet. Gothic rock, i motsetnad til punk, kombinerer mørke, ofte synthesizerdominert musikk, med innadvente og deprimerte tekstar. Gothic rock gav så opphav til ein større subkultur som omfatta mote og mange publikasjonar som vart meir populære utover i 1980-åra.

Stil, røter og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Gothic rock tar gitar- og synthesizerlydane frå post-punk og nyttar dei til å konstruere «skumle, sorgtunge, ofte episke lydbilete».[4] I følgje musikkjournalist Simon Reynolds er vanlege musikalske innslag i sjangeren «skjerande gitarmønster, lyse basstonar, ofte med ei melodisk rolle, og rytmar som anten er hypnotiske eller etnisk-liknande».[5] Reynolds skildra vokalstilen som «ein djup, eintonig variant Jim Morrison og Leonard Cohen».[5] Mange goth-band nyttar trommemaskinar som ikkje vektlegg etterslag i rytmen.[6] Siouxsie and the Banshees og The Cure spelte ofte med flanging-effekt på gitaren, og skapte ein skjør, kald og grell lyd som stod i kontrast til føregjengarane i psykedelisk rock.[7]

Gothic rock omhandlar ofte mørke tema gjennom tekst og den musikalske atmosfæren. Den poetiske kjensla i sjangeren gjorde at tekstane i gothic rock omhandla romantikk, morbiditet, religiøs symbolisme, og/eller overnaturleg mystikk.[4] Musikarane som opphavleg skapte estetikken og dei musikalske konvensjonane innan gothic rock var mellom andre Marc Bolan,[8] The Velvet Underground, David Bowie, Iggy Pop og The Sex Pistols.[9] Reynolds reknar Alice Cooper som «den sanne gudfaren for Goth» på grunn av «teatereffektane og den svarte humoren hans».[8] Albumet til Nico frå 1969, The Marble Index hadde òg stor innverknad.[10] Gothic rock skapar ein mørk atmosfære ved å trekkje påverknad frå bordunmusikk nytta av protopunkgruppa The Velvet Underground, og mange goth-songarar er påverka av den «djupe og dramatiske» røysta til David Bowie, og song sjølv i eit enno lågare register.[6] J.G. Ballard var ei viktig inspirasjonskjelde for tekstane for mange tidlege gothic rock-grupper. The Birthday Party var særleg inspirert av Arthur Rimbaud og Charles Baudelaire.[11]

I 1976 vart Interview with the Vampire av Anne Rice publisert. Hovudkarakteren, som var mørk, ønskte selskap og kjærleik. Boka vart i følgje musikkjournalist Dave Thompson sakte spreidd i gothrockmiljøet. Det same året debuterte punkrockbandet The Damned. Vokalisten i bandet Dave Vanian hadde tidlegare arbeidd som gravar på ein gravplass og gjekk kledd som ein vampyr døgnet rundt. Brian James, ein gitarist i bandet, skreiv: «Andre grupper hadde tryggleiksnåler og nagl- og bondagebukser, men om du drog på ein Damned-konsert, så var halve lokale kyrkjegarden sett opp på scenen.»[12]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphav og tidleg utvikling[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet «gothic» vart nytta for å skildre Velvet Underground-songaren Nico så tidleg som i 1971. omgrepet vart stundom nytta i åra som følgde.[12] Seint i 1970-åra vart ordet «gothic» nytta for å skildre atmosfæren til postpunk-band som Joy Division. I 1979 skildra Martin Hannett Joy Division som «dansemusikk med gotiske overtonar».[1] Same året skildra Tony Wilson bandet som «gothic» på fjernsynsprogramet Something Else.[13] Ikkje lenge etter vart nemninga «eit kritisk omgrep for misbruk» for band som Bauhaus, som kom seinare inn i musikkmiljøet.[1] Omgrepet vart derimot ikkje teken opp som «ein positiv identitet og eit kamprop for miljøet» fram til ei endring i miljøet i 1982.[1] I tillegg reknar Simon Reynolds The Birthday Party og Killing Joke som viktige proto-goth-grupper.[14] Trass i ettermælet deira som stamfedre for gothic rock, mislikar desse gruppene dette stempelet.[15] Den tidlege musikken til Adam Ant var òg ei viktig inspirasjonskjelde for gothic rock-miljøet, og mange av tilhengjarane kom frå miljøet hans.[16]

Debutsingelen til Bauhaus, «Bela Lugosi's Dead», frå seint i 1979, vert i etterkant rekna som starten på gothic rock-sjangeren.[17] I følgje Peter Murphy vart songen skriven som underfundig, men sidan framførte gruppa songen med «naiv seriøsitet» som er slik publikum forstod han.[12] Omkring samstundes lagde postpunk-band som Siouxsie and the Banshees og The Cure goth-musikk.[4] Med det fjerde albumet, Juju i 1981, grunnla the Banshees mange av dei klassiske gothic-elementa, både tekst- og lydmessig.[18] Steven Severin meiner dei overnaturlege teksttemaa på albumet er påverka av The Cramps.[18] The Cure sine «tungt motlause» albumtrio, Seventeen Seconds (1980), Faith (1981) og Pornography (1982) stadfesta gruppa som eit band i sjangeren..[19] Dei vart seianre det kommersielt mest populære av desse banda.[20] Stilen til The Cure var «tilbaketrekt»,[19] som stod i kontrast til The Birthday Party, som nytta funk, blues, og spastisk, valdeleg ståk.[21] Singelen deira «Release the Bats» frå 1981 var særleg innverknadsrik i miljøet.[22] Killing Joke var opphavleg inspirert av Public Image Ltd., lånte frå funk, disco, dub, og seinare , heavy metal.[23] Killing Joke kalla stilen sin «spaningsmusikk» og nytta desse elementa til utfordrande effekt, og skapte i tillegg ein morbid, politisk ladd visuell stil.[23] Etter å ha vore eit punkband, framførte The Damned dramatiske svingingar med ei crooner-stemme på The Black Album.[24]

Bauhaus-konsert i 2006.

Gothic rock blømde tidleg i 1980-åra. Klubbar som Batcave i London, vart ein scene for goth-miljøet.[25] I 1982 nytta Ian Astbury frå Southern Death Cult omgrepet «gothic goblins» for å skildre Sex Gang Children-tilhengjarane.[26] Southern Death Cult vart sjølv ikon for miljøet, og var estetisk inspirert av indiansk kultur. Gruppa var på framsida av NME i oktober 1982.[27] Det blømande miljøet var skildra som «positiv punk» i ein artikkel i NME i februar 1983. Journalist Richard North skildra Bauhaus og Theatre of Hate som «føregjengarane for dagens store straum» og erklærte så «her er det: den nye positive punken, utan lovnad om revolusjon, verken i rock'n'roll eller den større politiske sfæren Her er den eianste sjansen til sjølvmedvit, personleg revolusjon, fargerik oppfatning og galvanisering av forestillinga som vekker sinnet og kroppen frå søvnen».[28] Dette året dukka det opp mange goth-grupper, som Flesh for Lulu, Play Dead, Rubella Ballet, Gene Loves Jezebel,[29] UK Decay, Blood and Roses, The Virgin Prunes og Ausgang.[30] Selskapet 4AD gav ut musikk i ein lettare, og meir overjordisk stil, med grupper som Cocteau Twins, Dead Can Dance og Xmal Deutschland.[30] Den islandske gruppa Kukl dukka òg opp i denne perioden med musikarar som Björk og andre som seinare vart med i The Sugarcubes.[30]

Simon Reynolds snakkar om eit skifte frå tidleg goth til verkeleg gothic rock, med band som The Sisters of Mercy.[31] Som journalist Jennifer Park skriv, «den originale blåkopien for gothic rock hadde mutert i stor grad. Undergang og mørke var ikkje lenger avgrensa av den karakteristiske atmosfæren, men som the Sisters demonstrerte, kunne sjangeren verkeleg rocke.»[32] The Sisters of Mercy, påverka av Leonard Cohen, Gary Glitter, Motörhead, The Stooges, The Velvet Underground, The Birthday Party, Suicide og The Fall, skapte ein ny, hardare form for gothic rock.[33] I tillegg nytta dei ein trommemaskin.[33] Reynolds identifiserte singelen «Temple of Love» frå 1983, som den vesentlege goth-songen det året, i lag med Southern Death Cult sin «Fatman».[34] Gruppa danna sitt eige plateselskap, Merciful Release, som òg signerte The March Violets, som spelte musikk i liknande stil.[35] The Violets turnerte med The Danse Society, ei gruppe inspirert av The Cure i Pornography-perioden deira.[35]

Vidare utvikling[endre | endre wikiteksten]

Fields of the Nephilim, konsert i Agra Hall i Leipzig i Tyskland 2008.

Southern Death Cult vart danna på ny som The Cult, eit meir vanleg hardrockband.[34] Etter dei kom The Mission UK, som inkluderte to tidlegare medlemmar av The Sisters of Mercy, som fekk kommersiell suksess på midten av 1980-talet,[36] og det same gjorde Fields of the Nephilim og All About Eve.[37] Band som framleis er tilknytt gothic rock er mellom andre Alien Sex Fiend, All Living Fear, And Also the Trees, Balaam and the Angel, Claytown Troupe, Dream Disciples, Feeding Fingers, Inkubus Sukkubus, Libitina, Fields of the Nephilim, Nosferatu, Rosetta Stone og Suspiria.[38]

Den amerikanske gothic rock-rørsla starta med 45 Grave og Christian Death, som begge var sterkt påverka av The Cramps.[39] Denne stilen vert ofte skildra som deathrock.[40] Europeiske grupper som var inspirerte av stilen er mellom andre Xmal Deutschland[41] and Clan of Xymox.[42] Desse gruppe er knytte til Dark Wave, som trekkjer element frå gothic rock i tillegg til synthpop og industriell musikk.[43]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliography
  • Collins, Andrew. "Bluffer's Guide to Goth." NME. 30 November 1991.
  • Charlton, Katherine. Rock Music Styles. Fourth edition. McGraw-Hill, 2003. ISBN 0-07-249555-3
  • Furek, Maxim W. "The Death Proclamation of Generation X: A Self-Fulfilling Prophesy of Goth, Grunge and Heroin." i-Universe, 2008. ISBN 978-0-595-46319-0
  • Hannaham, James. "Bela Lugosi's Dead and I Don't Feel So Good Either". Gothic. Boston: MIT Press, 1997.
  • Kilpatrick, Nancy. The Goth Bible: A Compendium for the Darkly Inclined. Chapter 5, "Music of the Macabre: In the Beginning ..." New York: St. Martin's Griffin, 2004.
  • Mercer, Mick. Gothic Rock. Los Angeles: Cleopatra Records, 1994.
  • Mercer, Mick. Gothic Rock Black Book. London: Omnibus Press, 1988.
  • Mercer, Mick. The Hex Files: The Goth Bible. Woodstock: Overlook Press, 1996. ISBN 0-87951-783-2
  • Park, Jennifer. "Melancholy and the Macabre: Gothic Rock and Fashion". Gothic: Dark Glamour by Valerie Steele and Jennifer Park. Yale University Press, 2008.
  • Reynolds, Simon. Rip It Up and Start Again: Postpunk 1978-1984. Chapter 22: "Dark Things: Goth and the Return of Rock." London: Faber and Faber, 2005. ISBN 0-571-21569-6
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Reynolds, 2005, s. 420.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Abebe, Nitsuh."A Life Less Lived" Pitchfork.com. 24. januar 2007. Henta 12. desember 2011. "Familiar classics from the bands who turned out to be goth's godfathers-- Joy Division, the Cure, Bauhaus, Siouxsie & the Banshees-- but the heart of the thing remains England's 1980s goth heyday, where the urge to dance comes out in grim, grinding, relentless music for the fake undead: Look to the Sisters of Mercy's steamroller Temple of Love"
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 NME Originals: Goth". NME.com. oktober 2004. Henta 12. desember 2011.
  4. 4,0 4,1 4,2 Goth rock. Allmusic.com. Henta 12. desember 2011.
  5. 5,0 5,1 Reynolds, 2005, s. 423
  6. 6,0 6,1 Charlton, s. 353
  7. Reynolds, 2005, s. 426.
  8. 8,0 8,1 Reynolds, Simon. A Life Less Lived: The Gothic Box. Reynoldsretro. Henta 12. desember 2011. "More than Bowie or Bolan, though, it was Alice Cooper who was the true ungodly godfather of Goth, his grisly theatrics and black humor blazing the trail for the likes of Christian Death and Specimen".
  9. Park, s. 118-125.
  10. Richie Unterberger. "The Marble Index review". Allmusic.com. Henta 12. desember 2011.
  11. Reynolds, 2005, s. 428-429.
  12. 12,0 12,1 12,2 Dave Thompson "Alternative Rock" s. 61 republished by Google Books
  13. Park, s. 127
  14. Reynolds, 2005, s. 433.
  15. James Hannaham, s. 114.
  16. Reynolds, 2005, s. 421.
  17. Reynolds, 2005, s. 359.
  18. 18,0 18,1 Reynolds, 2005, s. 428.
  19. 19,0 19,1 Reynolds, 2005, s. 429.
  20. RIAA Gold and Platinum searchable database. Vitja 12. desember 2011.
  21. Reynolds, 2005, s. 429-31.
  22. Reynolds, 2005, s. 431.
  23. 23,0 23,1 Reynolds, 2005, s. 433-435.
  24. Raggett, Ned. "The Black Album - Review". Allmusic.com. Henta 12. desember 2011.
  25. Park, s. 151.
  26. Park, s. 150.
  27. Reynolds, 2005, s. 422.
  28. North, Richard. "Punk Warriors." NME. 19 February 1983.
  29. Bush, John. Gene Loves Jezebel biography allmusic.com. Henta 12. desember 2011.
  30. 30,0 30,1 30,2 Reynolds, 2005, s. 423, 431 and 436.
  31. Reynolds, 2005, s. 437.
  32. Park, s. 144.
  33. 33,0 33,1 Park, s. 145.
  34. 34,0 34,1 Reynolds, 2005, s. 438.
  35. 35,0 35,1 Park, s. 147.
  36. Chris True, Chris. "God's Own Medicine review". Allmusic.com. Henta 12. desember 2011.
  37. Mercer 1994, s. 63.
  38. Mercer 1996, s. 78-95.
  39. Mercer 1988, s. 60.
  40. Kilpatrick, Nancy. The Goth Bible: A Compendium for the Darkly Inclined. New York: St. Martin's Griffin, 2004, ISBN 0-312-3069602, s. 89.
  41. Mercer 1998, s. 56-57.
  42. Sutton, Michael. "Clan of Xymox biography". Allmusic.com. Henta 12. desember 2011.
  43. «Composing noises». Sorted magAZine. 1999. http://sortedmagazine.com/archive/magazine/sordid/attrition.htm. Henta 12. desember 2011.