Gotisk kunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katedralen i Chartres

Gotisk kunst (frå fransk gothique og italiensk gotico) viser til ein stilperiode og ein epoke i europeisk kunsthistorie som oppstod i dagens Frankrike kring år 1100 og var representert over heile Vest-Europa på 1500-talet. Gotikken hadde utgangspunktet sitt og størst tyding i arkitekturen, sjå gotisk arkitektur. Resten av kunstartane, skulptur, måleri, glasmåleri, freskomåleri og illuminerte manuskript, var alltid på noko vis underordna arkitekturen og kyrkjerommet. På 1300-talet var gotisk kunst blitt internasjonal, og hadde då endra seg til ein verdsleg og naturleg stil som fortsette inn på 1400-talet til han gjekk over til renessansen.

Gotisk avbilding av tilbedinga til kongane i Strasbourgkatedralen.

Den tidlegaste gotiske kunsten var kristne skulpturar, skapt på veggene av katedralar og kloster. Katedralane var tenkte som mikrokosmiske representasjonar av verda – dei enorme dimensjonane og den imponerande vertikaliteten skulle gjenspegla Guds ære og stilla ho opp mot kor små dei døydelege var.

Den gotiske stilen er himmelstrebande i vesen, og er kjenneteikna av ein skjelettliknande steinstruktur, store glasflater, smale spir, strebebogr- og strebepilarer, kryssribbekvelv og ei fantasifull, skulpturell utsmykking. Alle desse eigenskapane var ein konsekvens av dei store tynne veggflatene, gjennombrotne av store glasmåleri og galleri, som gav meir lys til kyrkjerommet. Dette var gjort mogleg av ein ny byggeteknikk som flytta vekta til byggverket til utsida av bygget, framfor at det kvilte på si eiga vekt.

Historie og spreiing[endre | endre wikiteksten]

Fasaden til Saint-Denis

Gotikken stammar frå klosterkyrkja Saint-Denis i Saint-Denis utanfor Paris, og var eit produkt av visjonane til abbed Suger. Den første eigentlege gotiske arkitekturen var koret i kyrkja, som blei oppført i 1144. Andre kunstnariske gjennombrot var katedralane i Noyon, Chartres, Laon og Notre-Dame i Paris. Desse tidlege gotiske kyrkjene har eit seksdelt kryssribbekvelv i midtskipet og ei oppdeling i høgda (elevasjon) med fire etasjar med arkadebogar, eporar (lekterar), triforium (eit dekorativt galleri som også hadde som funksjon å letta murmassen) og vindauge.

Den gotiske stilen spreidde seg fyrst til nordlege Frankrike og til England, og deretter til resten av Frankrike, Nederland, Belgia, Luxembourg og Tyskland, og til sist òg til sjølv Spania og Italia.

Seingotikken skil seg frå høggotikken hovudsakleg gjennom auka naturalisme i detaljane og ei dristigare tillemping av dei konstruktive prinsippa. Eit døme på denne retninga er Saint-Maclou i Rouen.

Gotikken spreidde seg frå Frankrike til Tyskland, og tidleg gotikk (òg kalla for unggotikk) er enno representert i domkyrkjene i Limburg an der Lahn, Magdeburg, Halberstadt, Bamberg domkyrkje, Naumburg og visse delar av Strasbourg. Dei fremste bygga til den tyske høggotikken er utan tvil domkyrkja i Köln, som er bygd med fem skip for å overgå katedralen med tre skip i Amiens. Dei to himmelstormande tårna er 157 meter høge, og bygget er såleis verdas nest høgaste i gotisk stil. Andre høggotiske tyske katedralar er Regensburg, Basel og Zürich. Under den seingotiske tida kom tyskarane til å føretrekka såkalla hallkyrkjer, som eksempelvis Elisabetkyrkja i Marburg og Sankt Stefan i Wien. I Brussel finst kyrkjene Saint Michel og Saint Gudule.

Lengst nord og aust førte mangelen på sandstein til at dei gotiske kyrkjene vanlegvis blei oppførte i murstein. I Norden finst det døme på såkalla «baltisk mursteinsgotikk» i Uppsala domkyrka og Sankt Petri Kyrka i Malmö. Domkyrkjene i Trondheim og Stavanger er prega av engelsk innverknad, der kleberstein var ein viktig bestanddel. Ei kyrkje av tysk halltype er Linköpings domkyrka.

I Spania finst det gotiske katedralar i Toledo og Burgos, og i Italia utgjer katedralane i Orvieto og Milano døme på blandinga av klassisk og gotikk.

Biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Skulptur[endre | endre wikiteksten]

Central tympanum ved Chartreskatedralen. Desse arkitektoniske statuane er dei tidlegaste gotiske skulpturane. Dei var ein revolusjon i stil, og blei ein modell for ein generasjon av skulptørar.

Den gotiske skulpturen fekk eigenarten sin gjennom å underkasta seg arkitekturen, og var innleiingsvis strengt bunden til dei geometriske grunnformene til disse. Denne underkastinga var motverka av omfatninga til skulpturen. Den gotiske katedralen hadde ei overflod av statuar av apostlar, profetar og helgenar; relieff med motiv frå forteljingar i Bibelen; og groteski i form av drakar og demonar som fungerte som avløpsrøyr, vasskastarar, konsolsteinar (kragsteinar) og kapitel.

Avbilning av Moses på dåpsfontena ved St. Amandus i Bad Urach i Tyskland. Frå 1518 ved skulptøren Christoph von Urach.

Dei franske ideane blei spreidde, og i Tyskland, frå 1225 ved katedralen i Bamberg og framover, kan ein finna innverknaden til den gotiske kunsten over det meste av Europa. Bambergkatedralen hadde den største samlinga av skulpturar på 1200-talet som kulminerte i 1240 med Bambergryttaren, den fyrste ryttarstatuen i vestleg kunst sidan 500-talet. I England var skulpturen avgrensa til gravsteinar og ikkje-figurative dekorasjonar, delvis på grunn av ikonoklasme frå cisterciensarordenen. I Italia var den klassiske påverknaden framleis til stades, men gotisk kunst kom inn i dekorasjonen av preikestolane, som i dåpskapellet i Pisa (1269) og preikestolen i Siena. Eit seinare meisterverk av italiensk gotisk skulptur er Scaliger-gravmonumenta (Arche scaligere) frå 1300-talet.

«Mann med sorg» på hovudportalen i Ulmer Münster av Hans Multscher (1429).

Gotisk skulptur utvikla seg frå den tidlege stive og langstrekte posituren sin, som framleis delvis var romansk i vesen, til eit romleg og naturalistisk uttrykk på slutten av 1100-talet og tidleg på 1200-talet. Påverknad frå gresk-romerske statuar frå antikken blei innarbeidde i behandlinga av drapering, andletsuttrykk og positur.

Den hollandske-burgundiske skulptøren Claus Sluter og den tyske skulptøren Adam Krafft skapte på 1400-talet skulpturar i ein maniert, ekspressiv stil med svært livfulle bekledningar. Utanfor Frankrike kan skulpturane i domen i Naumburg reknast som meisterverk innan den realistiske gotiske skulpturen, men ein kan også merka seg skulpturane i Bamberg og Strassburg. I denne perioden var Italia òg sterkt påverka av bysantinsk kunst, og hadde i dette fruktbare landskapet byrja på vegen som førte til renessansen. Framståande italienske gotiske skulptørar var mellom anna Giovanni og Andrea Pisano. Det var dragninga mot naturalisme som stod for byrjinga på slutten for gotisk skulptur, som då utvikla seg til ein klassisistisk renessansestil ved slutten av 1400-talet.

Måleri[endre | endre wikiteksten]

San Sebastián av Bartolomé Bermejo, ca. 1485, katedralen Acqui Terme, Alessandria, Italia.

Dei gotiske kyrkjene var dårleg eigna for monumentale måleri ettersom dei har få store veggområde, og måleriet i dei gotiske kyrkjene fekk ikkje den same plassen og merksemda som skulpturane. Ved altera fanst det likevel fleire ikon med heilage figurar, utført i klare fargar på gullgrunn. Freskane som blei måla har derimot i stor grad bleikna bort, og er i lita grad blitt bevarte for ettertida.

Den lidande, men opphøgde Kristus, 1440, i Salzburg.

Gotisk måleri er ikkje prega av djupne og realisme, men av ei mystisk og religiøs spenning. Biletspråket viser fred og ro, inga synd eller smerte, men er prega av opphøgde ideal. Bakgrunnen er stilisert og realistiske element som tre, blomar og klipper blir utførte i ei skjematisk attgjeving. Fargane er vanlegvis klare og lyse, nokre gangar intense som med Kristi oppstand av ein ukjend malar frå Böhmen som blir kallast for Mesteren frå Třeboň (eller frå Wittingau, ca. 1380). Komposisjonen ligg i ei spenning mellom store grøne og raude flater, og der også himmelen er gjort raud, og får eit uverkeleg og eterisk uttrykk. Det er ein langstrekt vertikalitet i biletelementa, som i den spinkle figuren til den oppståtte Kristus og gjentatt i staven han støttar seg til. Biletet er i dag i Nasjonalgalleriet i Praha.

Glasmåleriet hadde ikkje berre ein viktig funksjon i kyrkjerommet, men har òg i stor grad overlevd i ettertida. Kanskje spesielt i glasmåleriet nådde gotisk kunsthandverk det ytste og ein fullkomenheit som ettertida har hatt vanskeleg for å nå opp til. Teknikken bak glasmåleriet var å føya mange små, farga glasbitar saman ved hjelp av lister i bly som i seg sjølv blei nytta til å teikna omrisset til figurane opp i ein sterk og kraftfull kontur. Andletstrekk og klede var fint og detaljert utpensla med svart emaljemåling. Sidan glasmåleria vart sett frå stor avstand var det ikkje andletstrekket og mimikken til figurane som viste kjensler, men positurane til figurane i til dels overtydelege rørsle med hender og armar. Som alt gotisk måleri er òg glasmåleria todimensjonale. Chartreskatedralen har 176 utsøkte glasmåleri, og lyset som blir pressa gjennom glaset eggar bilda og fyller kyrkjerommet med sprakande lyseffektar.

Bokmåleriet levde vidare i ein tradisjon som blei utvikla til det som blei karakterisert som det nordiske måleriet i Nederlanda på 1400-talet, prega i samtida med ein realisme og fargerikdom som tidlegare hadde vore ukjent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gotisk kunst