Gott, man lobet dich in der Stille
BWV 120 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1728-1729 | ||
Urframføring | før 1729 | ||
Publiseringsdato | 1876 | ||
Typisk lengd | 18:27 | ||
Satsar/akter | 6 |
Gott, man lobet dich in der Stille, BWV 120, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1728-1729 for innvinga av byrådet i Leipzig eit av desse åra. Han vart òg spelt ved hundreårsfeiringa av den augsburgske vedkjenninga, 26. juni 1730. To månader seinare vart verket framført på nytt ved det nye byrådsvalet. Seinare, i 1733, lånte Bach frå verket då han skreiv bryllaupskanataten BWV 120a Herr Gott, Beherrscher aller Dinge, som ein ikkje har heile musikke til, berre heile teksten. Stykket vart mogelegvis framført ein siste gong den 27. august 1742 i Leipzig
Teksten er henta frå Salme 65: 1 (første sats), Martin Luther (sjette sats) og ein ukjend tekstforfattar.
Koraltemaet er basert på salmen «Herr Gott, dich loben wir». Denne melodien er basert på ein tidleg kristen Te deum laudamus, som igjen kjem frå ein aftansong frå den greske kyrkja, og som igjen kjem frå ein jødisk aftansong eller frå tidleg kristen liturgi. Melodien går truleg tilbake til 100- eller 200-talet. Martin Luther skreiv om melodien til den noverande forma, og denne kom på trykk i Geistliche Lieder, som vart redigert og publisert av Joseph Klug i Wittenberg, 1529.
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to oboar d'amore, to fiolinar, bratsj, and orgel continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
- «Gott, man lobet dich in der Stille», Arie for alt
- «Jauchzet, ihr erfreuten Stimmen», Koral
- «Auf, du geliebte Lindenstadt!», Resitativ for bass
- «Heil und Segen soll und mus zu aller Zeit», Arie for sopran
- «Nun, Herr, so weihe selbst dein Regitment», Resitativ for tenor
- «Nun hilf uns, Herr, den Dienern dein», Koral
Kjelder
- «Gott, man lobet dich in der Stille». Bach-kantater. Henta 14. april 2010.
Bakgrunnsstoff
- Piano- og songpartitur for BWV 120 på bach-cantatas.com