Gottfried Arnold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gottfried Arnold
Gottfried-Arnold.jpg
Fødd 5. september 1666
Annaberg-Buchholz
Død

30. mai 1714
Perleberg

Yrke teolog, historikar, skribent, universitetslærar
Gottfried Arnold på Commons

Gottfried Arnold (5. september 166630. mai 1714) var ein tysk kyrkjehistorikar, teolog, mystikar og forfattar særleg knytt til pietismen.

Gottfried Arnold var fødd i Annaberg i Sachsen, der faren var skulemeister. I 1682 blei han elev ved gymnasiet i Gera, og tre år etter byrja han studera historie og teologi ved Universitetet i Wittenberg. Med støtte frå pietismens far, Philip Jacob Spener, fekk han arbeid som huslærar i Quedlinburg.

Det første verket til Arnold, Die Erste Liebe zu Christo, kom ut i 1696. Det gav han stort ry, og gjekk gjennom fem opplag fram til 1728. I 1697 blei Arnold utnemnd til professor i kyrkjehistorie ved universitetet i Gießen, men mislikte akademisk liv og politikk så mykje at han sa opp året etter og vende tilbake til Wittenberg. I 1699 byrja han gje ut den monumentale Unparteyische Kirchen- und Ketzer-Historie ('Upartisk kyrkje- og kjettarhistorie'), som tek for seg heresiar gjennom kyrkjehistoria på ein mindre partisk måte enn tradisjonelle «ortodokse» framstillingar. I staden gjer han gjerne kjettarane til heltar og berarar av den sanne kristendommen. Verket er blitt kjend som «radikalpietismens bibel» og hadde innverknad på den tyske opplysingstida og forfattarar som Johann Wolfgang Goethe og Lev Tolstoj.

Det neste verket hans, Geheimniss der göttlichen Sophia, viser ei form for mystisisme med ei førestilling om kvinneleg visdom som ein slags guddom. Han skreiv også dikt som er blitt brukt som salmar i lutheransk kristendom, til dømes av Bach i «Vergiss mein nicht», BWV 505.

Gottfried Arnold var superintendent i Perleburg i Preussen, der han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gottfried Arnold (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 6. mars 2014.