Gotthilf Christian Reccard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gotthilf Christian Reccard

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 13. mars 1735
Wernigerode
Død

3. oktober 1798 (63 år)
Königsberg, Kaliningrad

Yrke teolog, astronom, universitetslærar, evangelical theologian, matematikar, lærar, skoleinspektør
Språk tysk, latin
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Gotthilf Christian Reccard på Commons
Gotthilf Christian Reccard

Gotthilf Christian Reccard (13. mars 17353. oktober 1798) var ein tysk evangelisk teolog og astronom. Han var fødd i Werningerode og døydde i Königsberg.[1]

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Reccard var son av ein diakon og gjekk ved lyseet (gymnaset) i Wernigerode. Han studerte i Halle og vart i 1762 prest ved Trinitatiskirche og 2. inspektør på realskulen i Berlin. Allereie i 1765 reiste han til Königsberg i Aust-Preussen, der han i dei komande åra skulle verte utnemnd til professor i teologi og til konsistoriet (det akademiske rådet). Frå 1776 til 1796 var han leiar av Collegium Fridericianum. Ved sidan av yrket sitt vigde han seg til astronomisk forsking.

Eit verk frå Reccard si hand, Lære-Bog i adskillige philosophiske og mathematiske Videnskaber kom i dansk utgåve i 1782.

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

  1. «Biographies: Königsberg Professors», www.manchester.edu, arkivert frå originalen 2. februar 2021, henta 16. november 2018 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]